Når XML-filene er validerte og feilfrie, køyr make html-nn (nn for nynorsk, nb for bokmål). Det er viktig å laga HTML-filene for å sjå korleis filene vil sjå ut for brukarane. Kanskje vil du då også oppdaga nokre forbetringar som bør gjerast.
Du kan laga eit HTML-utkast (når mappa xml/en er oppretta under valideringa) for ei enkelt kjelde-xml-fil, ved å køyra for eksempel kommandoen make preview-xml/nn/sti-til-fila. xml. Dette lagar draft.html-fila i html-mappa.
Du kan også bruka yelp og køyra yelp file:///fila-di.xml.