12.11. Om

Kommandoen Om GIMP opnar ei vindauge som viser kva versjon av GIMP dette er, og namna på alle som har vore med og laga han.

I dette dialogvindauget finn du også knappen Sjå etter oppdateringar.Trykk på denne for å sjå om du har den siste versjonen av GIMP. Viss du har slått på automatisk kontroll for oppdateringar, kan det henda denne knappen viser at det er ein ny versjon av GIMP tilgjengeleg. I slike tilfelle vil knappen gje deg høve til å gå til nedlastinga av den siste versjonen av GIMP.

12.11.1. Slå på kommandoen «Om GIMP»

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via HjelpOm GIMP

12.11.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.244. Dialogvindauget for «Om GIMP»

Dialogvindauget for «Om GIMP»

Heider og ære opnar ei liste over dei som har vore med å utvikle GIMP, anten dei nå har drive med programmering, utvikla grafikken eller skrive eller omsett hjelpetekstane.

Lisens viser korleis du får lisensen.