2. Rapportering av feil

Du har altså gjort alt for å forsikra deg om at feilen truleg er ein verkeleg feil. Det neste steget er då å senda feilmeldinga på GitLab-sida.

[Notat] Notat

Første gongen du sender ein feilrapport, vert du beden om å laga ein GitLab-konto. Dette er nokså rett fram og du får ikkje nokon søppelpost av den grunn.

  1. Send inn ei ny utgåve

    Gå til https://gitlab.gnome.org/GNOME/gimp/issues og vel New issue.

    Dersom du ikkje er innlogga, vert du automatisk sett over til innloggingssida. Når du har skrive inn brukarnamnet og passordet ditt, vert du automatisk sett tilbake til sida «New issue» igjen.

  2. Fyll ut malen

    Velg Choose a template og vel om du planlegg å rapportera ein feil eller be om ein funksjon. Merk at mesteparten av informasjonen du skriv inn seinare kan endrast av utviklarane viss du tek feil, så prøv å få det rett, utan å vere for sjølvkritisk. (Kan kanskje vere ei lita trøyst i å vite at dei fleste som kjem til å lese det du skriv, ikkje har engelsk som morsmål).

    Tittel

    Skriv ei linje som forklarer feilmeldinga på ein slik måte at andre lett kan finne fram til kva feilmeldinga di går ut på.

    Desceiption (Beskriving)

    Beskriv problemet. Ver så nøyaktig du kan og ta med alt du meiner er nødvendig. Den klassiske ubrukbare feilmeldinga er «GIMP crashes. This program sucks». Det er vanskeleg for utviklarane å retta opp eit problem dei ikkje veit kva er.

    Av og til kan det vere greitt å legge ved eit skjermbilete eller andre datatypar. Du kan då gå til nettsida for rapporten din og klikke på Attach a fileog følja instruksjonane som kjem fram. Dette bør du helst ikkje gjera utan at du meiner vedlegget verkeleg er til nytte. Legg du inn eit skjermbilete, ikkje gjer dette større enn nødvendig. Feilrapportane har ein tendens til å ligge inne i systemet i årevis, så det er ingen grunn til å sløse med lagerplassen.

    Når du har fylt ut alle desse opplysningane, trykk på knappen Submit issue for å senda rapporten din. Noter deg nummeret rapporten vert tildelt slik at du kan finna han fram igjen seinare. Du får ein e-post kvar gong nokon forandrar på eller kommenterer rapporten. Dersom du ønskjer å sjå kva som har skjedd med rapporten, kan du gå inn på https://gitlab.gnome.org/GNOME/gimp/issues/.