2. Konfigureringsmapper

Første gongen du brukar GIMP, går programmet gjennom fleire steg for å setje opp diverse opsjonar og filkatalogar. Mellom anna vert det laga ein katalog med namnet GIMP med ei undermappe som for eksempel GIMP/2.10. All informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer vert lagra her. Dersom du fjernar denne mappa, eller gjev ho eit nytt namn, vil GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste gong, og lage ei ny GIMP/2.10-mappe. Du kan utnytta dette dersom du ønskjer å utforska ulike innstillingar utan å øydeleggja det eksisterande oppsettet, eller dersom du skulle hamne så ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om att.

Konfigureringsmappa vert lagra i

2.1. Tips og triks

Berre eit par tips før du går i gang. For det første: GIMP har ein del innebygde tips som du kan få fram frå menyen HjelpDagens tips. Desse tipsa fortel ting om GIMP som det ikkje alltid er så lett å finna ut av berre på eiga hand ved prøving og feiling, så dei er vel verd tida du brukar på dei. For det andre: Dersom du prøver å gjera eitt eller anna og det ser ut til at GIMP ikkje vil meir, eller oppfører seg på ein uventa måte, kan du lesa kapitletAvstressing før du gjev heilt opp. Happy Gimping!