3.14. Tøm utvalet

Kommandoen Tøm utvalet fjernar innhaldet i det gjeldande utvalet, eller i heile biletlaget dersom det ikkje er noko utval i biletet. Viss det aktive laget inneheld ein alfakanal, vert det tømte området gjennomsiktig. Du kan få tilbake originalfargen i det gjennomsiktige området ved å bruke viskelêret sett til «visk inn». Dersom laget manglar alfakanal, vert det tømte arealet fyllt med gjeldande bakgrunnsfarge.

Å tømme eit utval fjernar ikkje sjølve utvalet. I motsetnad til «klipp ut», legg «tøm utvalet» heller ikkje det fjerna området på utklippstavla. Utklippstavla er uforandra.

3.14.1. Aktivering

  • You can access this command from the main menu through EditClear,

  • med snarvegen Delete