3.5. Klipp ut

Kommandoen Klipp ut lagar ein kopi av det aktive utvalet og legg det på utklippstavla. Du kan henta informasjonen tilbake med kommandoane Lim inn, Lim inn i eller Lim inn som ny. Dersom det ikkje er utval, vert heile det aktive laget fjerna. Dersom laget har ein alfakanal, vert det utklipte området gjennomsiktig. Er laget utan alfakanal, vert det utklipte området fyllt med den gjeldande bakgrunnsfargen.

[Notat] Notat

Klipp ut arbeider berre på det aktive laget. Laga over eller under vert ignorerte.

3.5.1. Aktivering

  • You can access this command from the main menu through EditCut,

  • eller med snarvegen Ctrl+X.