3.10. Fartssløring, sirkulær

3.10.1. Oversyn

Figur 17.28. Filteret «Fartssløring, sirkulær»

Filteret «Fartssløring, sirkulær»

Originalbiletet

Filteret «Fartssløring, sirkulær»

Biletet er sløra


Dette filteret lagar ei rund sløring rundt eit midtpunkt. Standardmidpunktet er midten av laget eller utvalet. Du kan setja dette midtpunktet ein annan stad i laget eller utvalet vist slike finst.

3.10.2. Innstillingar

Figur 17.29. Innstillingane for filteret «Fartssløring, sirkulær«

Innstillingane for filteret «Fartssløring, sirkulær«

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Her set du midtpunktet for roteringa ved hjelp av talboksar og glidebrytarar som bestemmer plasseringa av rotasjonsmidtpunktet både vassrett og loddrett. Du kan også klikka på den firkanta knappen med ei pil på, og så klikka i biletet der du ønskjer at midtpunktet skal vera.

Vinkel

Dess større vinkel dess meir sløring i sirkulær retning.

Kontrollelement på lerretet

Dette valet (standard) gjer at du kan endra innstillingane for sløringa direkte på lerretet for lettare å sjå resultata. Det viser ei linje med eit handtak i kvar ende som du kan bruka for å flytta roteringsmidtpunktet og transformeringa.

Trykk Alt-tasten for å berre flytta rotasjonsmidtpunktet utan transformering.

Trykk Ctrl-tasten for å rotera i steg på 15°.