9.4. Normalkart

9.4.1. Oversyn

Dette filteret genererer eit normalt kart ut frå eit høgdekart. Dette er eit tidleg arbeid, og vert nok mykje endra etter kvart.

Me vil bruka eit høgdekart laga med Del 14.8, «Simplex-støy»:

Figur 17.182. Eksempel på «Normalt kart»

Eksempel på «Normalt kart»

Høgdekartet

Eksempel på «Normalt kart»

Filteret brukt med standard innstillingar. Dette gjev det normale kartet


9.4.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette fileter i hovudmenyen underFilterGenereltNormalt kart ….

9.4.3. Innstillingar

Figur 17.183. Innstillingane for «Normalt kart»

Innstillingane for «Normalt kart»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Skaler

Kor mykje høgdeverdiane vert skalerte: auk eller minst ruglene.

Skaler = 2

X-komponent, Y-komponent

Komponenten brukt for X- og Y-koordinata: Du kan velja mellom dei tre RGB-fargane for ruglene.

Merk at viss du endrar desse verdiane vert det lagt nye fargar til fargane som finst frå før, noko som gjev komplementærfargane.

Spegelvend X, Spegelvend Y

Spegelvend X, Y-koordinata: spegelvend ruglefargane vassrett og loddrett. Ruglene har ein tydeleg kant og ein motsett mørk kant, noko som gjev ei kjensle av at lys kjem frå ei bestemt retning. For å sjå ruglene i staden for hola, må lyset koma frå øvre, venstre hjørne. Leik med spegelvend X og spegelvend Y for å få denne lyssetjinga.

Etter å ha leikt med spegelvend X og spegelvend Y

Fullt Z-område

Bruk heile området [0, 1] for å koda Z-koordinata: Du kan få ein meir brå fargeovergang.

Kan flisleggjast

Genererer eit kart som kan flisleggjast: