11.7. Fotokopi

11.7.1. Oversyn

Figur 17.207. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «fotokopi»


Dette filteret gjer at det aktive laget eller det aktive utvalet vert sjåande ut som ein fotokopi i svart/kvit. Filteret analyserer eit område og set alle pikslar som er mørkare enn gjennomsnittet av nabopikslane til svart. Dei andre pikslane vert kvite.

[Tips] Tips

Du kan bruke dette filteret for å gjere bilete skarpare. Lag ein kopi av biletlaget, bruk filteret på kopien. Sett modus til Multipliser og prøv deg fram med ulike grader av dekkevne.

11.7.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskFotokopi….

11.7.3. Innstillingar

Figur 17.208. Innstillingane for filteret «fotokopi»

Innstillingane for filteret «fotokopi»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Maskeradius

Denne parameteren kontrollerer storleiken på pikselområdet som den gjennomsnittlege intensiteten vert rekna ut frå og samanliknar deretter kvar piksel i nabolaget for å bestemma om dei skal gjerast mørkare eller ikkje. Høge verdiar resulterer i svært tykke, svarte område som grenser til områda med kvitt og mykje mindre detaljar for svarte område. Små verdiar resulterer i mindre farge generelt og fleire detaljar overalt.

Skarpleik

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1,0 kor skarp kopien skal verta.

Prosent svart

Her bestemmer du kor stor prosentdel av dei formørka pikslane som skal verta svarte. Låge verdiar gir mjukare overgangar. Høge verdiar kan framheva kontrasten i biletet. Som oftast vil det mest naturlege vere å bruke ein verdi mellom 0,0 og 1,0.

Kvitprosent

Her bestemmer du kor stor prosentdel av pikslane som skal verta kvite.