15.3. Halvutflating

15.3.1. Oversyn

Dette filteret blir brukt for å lage kantutjamning mot ein fast bakgrunnsfarge på indekserte bilete for å imitere gjennomsikt. GIF-formatet kan bare ha fullstendig gjennomsiktige eller fullstendig ugjennomsiktige pikslar. Delvis gjennomsiktige pikslar blir i GIF anten sett til full gjennomsikt eller heilt ugjennomsiktige. Dette kan øydelegge dei nydelege overgangane du har laga i logoen du hadde tenkt å bruke på nettsidedne dine.

Før du bruker dette filteret, må du setje bakgrunnsfargen nøyaktig til den bakgrunnsfargen du har på nettsida. Bruk eventuelt fargeplukkaren og legg bakgrunnsfargen som forgrunnsfarge i verktøykassa. Inverter deretter FG og BG i verktøykassa slik at bakgrunnsfargen her er den same som du har på nettsidene.

Filteret kombinerer forgrunnsfargane i biletet med bakgrunnsfargen til ein best mogleg fargeovergang mot bakgrunnsfargen ved at fullstendig gjennomsiktige pikslar tar ingen farge, svært gjennomsiktige pikslar blir litt farga og lite gjennomsiktige pikslar blir mykje farga.

15.3.2. Slå på filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterNettsiderHalvutflating. Dette filteret er berre tilgjengeleg for bilete med alfakanal. Dersom denne kanalen manglar, sjå Del 7.34, «Legg til alfakanal» elles er det slått av.

15.3.3. Innstillingar

Figur 17.411. Dialogvindauget for innstillingar for filteret «Halvutflating»

Dialogvindauget for innstillingar for filteret «Halvutflating»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Farge

Dette let deg endra fargen som vert brukt av dette filteret for å fylla ut halvgjennomsiktige områd. Du kan klikka på fargelinja for å velja ein farge, eller bruka fargeplukkaren til å velja ein farge frå biletet.

15.3.4. Eksempel

I eksemplet nedanfor er bakgrunnen i verktøykassa sett til rosa. Biletet har mjuke kantar som går mot ein gjennomsiktig bakgrunn.

Figur 17.412. Eksempel på halvutflating

Eksempel på halvutflating

Aktiv bakgrunnsfarge

Eksempel på halvutflating

800% forstørring


Full gjennomsikt er uforandra. Delvis gjennomsiktige pikslar er farga meir eller mindre rosa i høve til gjennomsikta (alfaverdien). Dette biletet flettar seg fint inn i den rosa bakgrunnen på den nye sida.

Figur 17.413. Eksempel på bruk av filteret «Halvutflating»

Eksempel på bruk av filteret «Halvutflating»

Resultat i GIF format, etter bruk av filteret halvutflating.