8.18. Strekk kontrast

Kommandoen Strekk kontrast strekkjer automatisk histogramverdiane for det aktive laget. Kommandoen finn maksimums- og minimumsverdiane for kvar kanal og bruker desse for å strekkja histogramma for raud, grøn og blå til fullt kontrastområde. Lyse fargar vert lysare og mørke fargar mørkare. Dermed aukar kontrasten. «Strekk kontrast» arbeider på biletlag i alle fargemodus, altså både RGB, gråskala og indeksert. Bruk «Strekk kontrast» berre viss du ønskjer å fjerna ei uønskt fargetone frå eit bilete som skal innehalda reint kvitt og reint svart.

Kommandoen er også nokså lik kommandoen Kvitbalanse, men fjernar ikkje noen av dei svært mørke eller svært lyse pikslane. Dermed kan du risikera ein urein kvitfarge.

8.18.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via FargarAutoStrekk kontrast

8.18.2. Val

Figur 16.162. Innstillingar for «Strekk kontrast»

Innstillingar for «Strekk kontrast»

Førehandsinnstillingar

«Førehandsinnstillingar» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Colors Common Features».

Behald fargane

Påverk kvar fargekanal med same mengd.

Ulineære komponentar

Når sett, vil dette valet operera på gammakorrigerte verdiar i stadenfor lineær RGB.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Colors Common Features».

8.18.3. Eksempel på bruk av «Strekk kontrast»

Figur 16.163. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Strekk kontrast».


Figur 16.164. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Strekk kontrast». Til skilnad frå «Kvitbalanse» rekk ikkje pikselkolonna heilt ut til høgresida av histogrammet (255) på grunn av svært få lyse pikslar.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.