6.3. Supernova

6.3.1. Oversyn

Figur 17.107. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Supernova»


Dette filteret lagar ei stor stjerne som kan minna om ei supernova. Filteret verkar både på gråtone- og RGB-bilete. Lysmengda avtar i høve til 1 : r der r er avstanden frå stjernesentrum (omvendt proporsjonal med avstanden).

6.3.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeSupernova ….

6.3.3. Innstillingar

Figur 17.108. Innstillingane for filteret «Supernova»

Innstillingane for filteret «Supernova»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Du kan bruka innskrivingsboksane og setja vassrett (X) og loddrett (Y) koordinat for midtpunktet av supernovaen. Du kan også klikka og dra midtpunktet i førehandsvisinga.

Radius

Dette er radius for senterområdet til supernovaen. Den øvre grensa ser ut til å vera uendeleg. Når du aukar verdien vert talet på sentrale kvite pikslar auka etter formelen r · r, (1, 4, 9, …), altså kvadratet av avstanden.

Radius vert representert med ei vassrett linje med eit kryss i enden i førehandsvisinga. Du kan klikka og dra dette krysset for å endra radiusen.

Talet på stråler

Her bestemmer du kor mange stråler (1-1024) supernovaen skal sende ut.

Tilfeldig kulør

Tilfeldige fargestråler. Verdiane (0 til 360) ser ut til å vera på HSV-fargesirkelen.

Farge

Klikk på fargeruta for å opna det vanlege fargedialogvindauget for å bestemma fargen på effekten.

Det er også ein fargeplukkar. Når denne er vald, vert musepeikaren endra til eit kvadrat. Dette viser kor stor fargeprøven er. Du kan endra storleiken i vindauget for GEGL-operasjonar i verktøykassa.

Tilfeldig frø, Nytt frø

Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen Nytt frø. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.