12.2. Hjelp

Kommandoen Hjelp viser brukarhandboka for GIMP på nettlesaren din.

Du kan velja om du vil bruka ein lokalt installert kopi av handboka eller nettversjonen. Dette gjer du i Hjelpsystem i dialogvindauget Brukarinnstillingar.

[Notat] Notat

Dersom du har problem med å få hjelp til å fungera, sjå etter at du har «GIMP Users Manual» (Handboka) installert. Sjå lenkja ovanfor for meir om dette.

12.2.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via HjelpHjelp (F1).