6.10. Bruk fargeprofil

Bruk fargeprofil gir deg høve til å bruka ein ny ICC-profil i biletet.

6.10.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFargestyringBruk fargeprofil.

6.10.2. Brukarnotat for Bruk fargeprofil

Når du importerer eit bilete frå eit lagringsmedium, kan det av og til vera ønskjeleg å byta ut ICC-profilen for biletet fordi

  1. Biletet har kansje ingen innebygd ICC-profil slik at GIMP automatisk set inn ein av dei innebygde sRGB-profilane:

    • Dersom biletet brukar ein sRGB-profil, treng du ikkje gjera noko.

    • Er biletet ikkje eit sRGB-bilete, bruk Bruk fargestyring for å leggja til den korrekte ICC-profilen frå eit lagringsmedium.

  2. Biletet kan ha ein innebygd ICC-fargeprofil, men dette er ikkje den rette profilen for biletet, eller at du vil bruka ein annan profil, bruk Bruk fargestyring for å leggja til den korrekte ICC-profilen frå eit lagringsmedium.

  3. Biletet har ein innebygd sRGB-profil, men du ønskjer å bruka den innebygde sRGB-profilen til GIMP i staden, eller at biletet er i GIMP sin innebygde sRGB-profil, men du ønskjer å bruka ein profil frå eit lagringsmedium.

6.10.3. Eit eksempel med skjermbilete som viser korleis du kan bruka Set fargeprofil

Tenk deg at du har importert eit bilete som du veit skal vera i fargemodellen AdobeRGB1998, men at biletet av ein eller annan grunn manglar denne ICC-profilen.

Når eit importert bilete manglar ein innebygd ICC-profil vil GIMP automatisk legge til GIMP sin innebygde sRGB-profil. AdobeRGB1998-biletet vil såleis visa feil fargar dersom du ikkje legg inn ein AdobeRGB1998-kompatibel ICC-profil frå lagringsmediet. Skjermbiletet nedanfor syner korleis du kan gjera dette:

  1. Når du brukar «Bilete/Fargestyring/Bruk fargestyring» vert dialogvindauget Bruk ein ICC-fargeprofil for biletet vist nedanfor opna:

  2. Under Gjeldande fargeprofil er ein omtale av den gjeldande fargeprofilen, i dette tilfellet den innebygde GIMP-profilen sRGB. Klikk på symbolet framføre teksten for å få opp litt meir informasjon om profilen.

    Klikkar du på symbolet framføre Profildetaljar kjem det opp ein del informasjon om ICC-profilen du vil leggja til biletet. Før du hentar ein ny profil, vil boksen under Tilordna visa GIMP sin innebygde sRGB-profil.

    Skjermbiletet nedanfor viser eit eksempel på kva som kan dukka opp når du trykkjer på symbolet framføre teksten:

  3. Mellom Tilordna og Profildetaljar er det ein nedtrekksmeny du kan bruka for å henta ein ny profil. Trykk på denne for å få opp ei liste over tidlegare brukte, om nokon, profilar. Nedst i boksen finn du Vel fargeprofil frå disk …:

  4. Trykkjer du på Vel fargeprofil frå disk … kjem dialogvindauget Vel målprofilen opp slik at du kan leita deg gjenom lagringsmedia etter den ønskte profilen. Vindauget har tre område:

    1. Feltet til venstre viser mappestrukturen for lagringsmedia.

    2. Området i midten viser ei liste over tidlegare brukte profilar, dersom det er nokre.

    3. Klikkar du på ein av dei tidlegare brukte profilane, vert informasjon om denne profilen vist i området til høgre.

    Dersom du finn den ønskte profilen i lista over tidlegare brukte profilar, kan du bruka han direkte ved å klikka på knappen Opna nede til høgre i vindauget. Finn du ikkje profilen i denne lista, gå til neste steg for å finna profilen.

  5. Som du ser i biletet nedanfor, vert det venstre og det midtre området av Vel målprofil brukt til å finna fram til ICC-profilar lagra på lagringsmedia slik at du an henta ein høveleg ICC-fargeprofil (i dette eksempelet ein AdobeRGB1998-kompatibel profil). Det høgre området viser opplysningar om den merkte profilen. Trykk på knappen Opna for å bruka den valde profilen i biletet.

  6. Når du trykkjer på knappen Opna får du opp dialogvindauget Bruk ICC-fargeprofil igjen slik at du kan anten bruka den valde profilen eller velja ein annan. Når du er sikker på at du har funne den rette profilen, trykk på knappen Konverter i nedst i vindauget for å ta den nye profilen i bruk i biletet.

  7. Nå er ein AdobeRGB1998-kompatibel ICC-profil tatt i bruk i biletet slik at fargane vert viste korrekte igjen: