6.9. Slå på_fargestyring

Dersom denne ikkje er merkt av, vil Slå på fargestyring bruka ein sRGB-fargemodell innebygd i GIMP på biletet.

Dersom du har vald å visa ICC-fargeprofilen som er brukt i biletet på tittellinja eller statuslinja og det ikkje er merkt av for «Slå på fargestyring», vert det lagt til «ikkje fargestyrt» i tittelen eller i statuslionja i staden for den tidlegare brukte fargeprofilen.

[Notat] Notat

I standardoppsettet er det kryssa av for «Slå på fargestyring». Som oftast er det best å ha det slik.

6.9.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFargestyringSlå på fargestyring.

6.9.2. Merknad om å fjerna avkryssinga for Slå på fargestyring

Det beste rådet er å aldri fjerna avkryssinga for Slå på fargestyring.

6.9.3. Kva gjer GIMP når Slå på fargestyring er slått av?

Når du fjernar avkryssinga for Slå på fargestyring gjer GIMP desse to tinga:

  1. ICC-profilen som er brukt i biletet er i det minste førebels lagra for seinare redigering, presisjon og fargestyringar, men vert ikkje brukt. Ein innebygd GIMP-profil vert brukt i staden for den tidlegare brukte ICC-profilen.

    • Viss biletet brukar perseptuell gamma (sRGB) vert GIMP sin innebygde sRGB-profil brukt.

    • Viss biletet brukar lineær lyspresisjon vert ICC-profilen «GIMPs innebygde lineære sRGB» brukt.

    Du kan sjå at ein av dei innebygde sRGB-profilane som er innebygde i GIMP er brukt ved å gå inn på «Bilete/Bileteigenskapar/Fargeprofil».

  2. Dersom du har sett opp tittelen eller statuslinja for å visa fargerommet for biletet, vil tittelen eller statuslinja visa ei melding om at biletet ikkje er «fargestyrt». Biletet er framleis fargstyrt , men nå er biletet fargestyrt «som om» det var i eit av GIMP sine innebygde sRGB-fargeområde i staden for det fargerommet det eigentleg er i.

6.9.4. Kva skjer med biletet og biletutsjånaden når Bruk fargestyring ikkje er merkt?

[Notat] Notat

Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like.

Når Bruk fargestyring ikkje er merkt, vil GIMP bruka ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP i biletet. Bruk av ein ny ICC-profil i eit bilete endrar ikkje kanalverdiane for biletet, men fører til meir eller mindre drastiske endringar i utsjånaden til biletet.

  1. Dersom biletet brukar eit av dei innebygde fargeromma i GIMP eller den brukte ICC-profilen er funksjonelt lik den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet ikkje endra.

  2. Dersom biletet ikkje er sett til eit av dei innebygde fargeområda, og ikkje brukar eit fargeområde som er funksjonelt likt den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet endra meir eller mindre drastisk avhengig av tre ting:

    • kva GIMPs presisjonkanal - lineært lys eller perseptuell gamma (sRGB) - for biletet var sett til før merkinga av boksen Bruk fargestyring vart slått av.

    • kor langt den opphavleg brukte kanalen for ICC-profilen («TRC») er frå GIMP sine verdiar for presisjonskanalen.

    • kor langt raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen i biletet er frå den innebygde sRGB-profilen i GIMP.

6.9.5. To skjermbilete som viser eksempel på rett og feil bileteutsjånad etter at avkryssinga for Bruk fargestyring er fjerna

I begge eksempla nedanfor er biletet fargestyrt: Det er brukt ein ICC-profil på biletet og denne profilen er brukt for å senda biletfargane til skjermen.

I det andre eksempelet er avkryssinga for «Bruk fargestyring» fjerna. Ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP er feilaktig brukt på biletet slik at fargane vert feil.

I eksempel 1 nedanfor har biletet opphavleg i ein innebygd sRGB-profil frå GIMP. Å fjerna avkryssinga for Bruk fargestyring endrar difor ikkje biletet. Det einaste synlege er at dersom du vel å visa i tittelen eller på statuslinja kva ICC-profil som er brukt, vil du sjå at det i staden for ICC-profilen nå står «Ikkje fargestyrt» sjølv om biletet eigentleg er fargestyrt.

I skjermbilete 2 nedanfor passar kanalkodinga for den opphavlege profilen kodinga for GIMP-kanalen, begge er lineære, men kromatisiteten til profilen LargeRGB-elle-V4-g10.icc svarar ikkje til kromatisiteten til den innebygde sRGB-profile i GIMP. Fargetonaliteten er korrekt, men fargane er feil. Biletet er framleis fargestyrt, men med feil ICC-profil.

[Obs] Obs

Dersom den brukte ICC-profilen i originalbiletet ikkje brukar den same kodinga for kanalar og kromatisitet som den innebygde sRGB-profilen, og du fjernar avkryssinga for Bruk fargestyring og deretter skifter meining og merker av igjen, vert den opphavlege ICC-profilen brukt og biletet er uendra.

Om du kan bruka den opphavlege ICC-profilen og korrigera fargane tilbake igjen, er avhengig av kva du har gjort med biletet frå du fjerna merkinga til du merka av igjen for Bruk fargestyring.

Det beste rådet er igjen å aldri fjerna merkinga for Bruk fargestyring.