6.17. Lerretformat

«Lerretet» er det synlege området av eit bilete. Som standard vil storleiken på lerretet vera den same som storleiken på laga. Kommandoen Lerretformat vil opna dialogvindauget «Set format på biletlerretet» der du kan gjera lerretet større eller mindre. Om ønskjeleg kan du også endra storleiken på laga. Når du gjer lerretet større, vert det ein ledig plass rundt innhaldet av biletet. Gjer du lerretet mindre, vert det synlege området av biletet redusert. Laga vert ikkje endra og vil vera tilgjengelege utføre lerretkanten.

Når du reduserer lerretet, vert lerretgrensa vist som ein tynn, negativ kant i miniatyren. Musepeikaren viser flyttesymbolet. Klikk og dra biletet innføre lerretramma.

6.17.1. Aktivering

  • You can access this command from the main menu through ImageCanvas Size….

6.17.2. Beskriving av dialogvindauget «Lerretstorleik»

Figur 16.62. Dialogvindauget «Lerretstorleik»

Dialogvindauget «Lerretstorleik»

Lerretformat

Breidde; Høgde

Du kan bestemma Breidde og Høgde på lerretet. Til vanleg vert desse målt i pikslar, men du kan velja andre måleeiningar etter behov frå nedtrekkslista, eller du kan velja prosent dersom den nye dimensjonen skal vere relativ i høve til lagformatet. Dersom lenka til høgre for breidde og høgde ikkje er broten, vil breidde og høgde få same relative forholdet som i biletet. Bryt du lenka ved å klikka på ho, kan du setje breidde og høgde uavhengig av kvarandre.

Same kva måleeining du bruker vert informasjonen om breidde og høgde alltid vist i pikslar like under felta Breidde og Høgde saman med informasjon om oppløysinga. Du kan ikkje endra biletoppløysinga i denne dialogen. Har du slike ønskje, kan du sjå meir om dette i Del 6.20, «Utskriftformat».

Forskyving

Verdiane i Forskyving bestemmer plasseringa av biletet (biletet, ikkje det aktive laget) på lerretet. Resultatet vert vist i førehandsvisinga. Dersom lerretet er mindre enn biletet, syner førehandsvisinga lerretet som ei tynn, svart ramme.

X ; Y

X og Y spesifiserer koordinata for det øvre, venstre bilethjørnet i høve til det tilsvarande lerrethjørnet. Verdiane er negative dersom lerretet er mindre enn biletet. Du kan plassere biletet på ulike måtar (men koordinata kan ikkje gå ut over lerretkanten):

  • ved å klikke og dra biletet,

  • ved å skrive verdiar i innskrivingsboksane X og Y

  • ved å klikke på dei små pilspissane. Dette vil endre verdien med ein piksel (eining).

  • Når ein tekstboks er fokusert, kan du bruke piltastane Opp og Ned for å endre med ein piksel (ei eining), eller PageUp og PageDown for å endre med 10 pikslar (einingar) om gongen.

Lag
  • Resize layers: this drop-down list offers you several possibilities:

    • Ingen: Normalinnstillinga. Bare lerretet vert forandra.

    • Alle laga: alle laga vert tilbakestilte til same format som lerretet.

    • Lag med same format som biletet: Bare desse laga vert tilbakestilte til same format som lerretet har.

    • All visible layers: only visible layers, marked with a icon, in the Layer Dialog, are sized to canvas size.

    • All linked layers: only linked layers, marked with a in the Layer Dialog, are sized to canvas size.

  • Fill with: you can fill resized layers with Transparency (default), Background color, Foreground color, White, Pattern.

  • Resize text layers: Resizing text layers will make them uneditable.

Sentrer

Knappen Sentrer sentrerer biletet på lerretet. Verdiane for forskyving vert rekna ut automatisk og vist i tekstboksane.

[Notat] Notat

Når du klikkar du på knappen Endre storleik, vert lerretet sett til dei valde verdiane. Sjølve biletet og visinga av det, vert ikkje forandra.

Dersom lerretet vert større enn biletet, vert det ikkje noko lag i området rundt biletet. Dette området er gjennomsiktig, noko som vert markert med sjakkbrettmønsteret. Skal du arbeida på denne delen av lerretet, må du gjere det om til eit biletlag først. Dette kan du gjere med å flate ut biletet. Dette gir eit bilete med eitt lag. Er dette lite ønskjeleg, kan du i staden utvida det aktive laget med kommandoen laget til biletformatet. Endeleg kan du kreere eit heilt nytt lag og fylle dette med den bakgrunnen du ønskjer. Dette vil gi ein digital «passe-partout» (ei slags pappramme med opning for biletet).

6.17.3. Eksempel

Figur 16.63. Originalbiletet

Originalbiletet

We started with a green background layer 100×100 pixels, which defines a default canvas with the same size. Then we added a new red layer 80×80 pixels. The active layer limits are marked with a black and yellow dotted line. The red layer does not fill the canvas completely: the unoccupied part is transparent. The background color in the Toolbox is yellow.


Figur 16.64. Lerretet er forstørra (laga er uendra)

Lerretet er forstørra (laga er uendra)

The canvas has been enlarged to 120×120 pixels. The layers size remained unchanged. The unoccupied part of the canvas is transparent.


Figur 16.65. Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

The canvas has been enlarged to 120×120 pixels. All layers have been enlarged to the canvas size. The undrawn part is transparent in the red layer and yellow (background color in Toolbox) in the green background layer.


6.17.4. Kva kan dette brukast til?

Dersom du ønskjer å legge noko til rundt biletet, forstørrer du lerretet, legg til eit nytt lag med same storleik som det nye lerretet og teiknar på det nye laget. Dette er det motsette av å beskjere.

Du kan også bruke denne kommandoen for å beskjere eit bilete:

Figur 16.66. Sett lerretformat

Sett lerretformat

Opna lenka mellom breidde og høgde ved å klikka på henne. Ved å forandra breidde og høgde og å prøva seg fram med å flytte biletet i høve til lerretet, kan du beskjere biletet eller deler av biletet etter ønskje. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du på Senter-knappen og deretter på Tilbakestill-knappen.

Figur 16.67. Beskore bilete

Beskore bilete

[Notat] Notat

Som oftast vil du likevel finne at det er enklare å bruke beskjeringsverktøyet.