5. Kva er nytt i Gimp 2.2?

Her er eit kort samandrag av nokre av dei viktigaste nye funksjonane i GIMP 2.2. Det er mange andre, mindre endringar som den som har brukt programmet lenge vil glede seg eller ergre seg over. Det er også viktige endringar innføre programmering av tilleggsmodular og Script-Fu, men desse vert ikkje omtalte her.

Programsamarbeid og standardisering
  • Du kan dra og lime inn bilete frå GIMP til andre program som støttar denne funksjonen. For tida gjeld dette «image/png-format» for Abiword og Kword og kanskje nokre fleire. Dessutan «image/xml+svg» for Inkscape. Du kan altså for eksempel lime inn kurver i GIMP frå Inkscape og deretter dra eit utval over til Abiword.

  • Du kan nå bruka alle mønsterformata som vert støtta av GtkPixbuf, inkludert png, jpeg, xbm og andre.

  • GIMP kan nå laste inn fargeovergangar frå SVG-filer og palettar frå ACT- og RIFF-filer.

  • Dra-og-slepp er nå utvida. Du kan nå sleppa filer og URI-ar i eit biletvindauge der dei vert opna som nye lag i det eksisterande biletet.

    [Notat] Notat

    Legg merke til at på grunn av ein mangel på funksjonalitet i Apples X11.app verkar ikkje dra-og-slepp for Apple Mac OS X

Snarvegshandteraren

Du kan nå redigera tastatursnarvegane i eit eige dialogvindauge, i tillegg til den lite kjende dynamiske måten, som har vore der sidan versjon 1.2.

Førehandsvising av programtillegg

Det er lagt inn eit standard førehandsvisingsprogram for dei som skriv programtillegg. David Odin har integrert dette programmet i alle nåverande filter, så nå inneheld mange fleire filter i GIMP ei førehandsvising som vert oppdatert i sanntid. Dessutan er mange av førehandsvisingane forbetra.

Sanntids førehandsvising av transformeringar

Transformasjonsverktøya (rotér, skalér, forskyv og perspektiv) viser nå førehandsvisinga i sanntid når verktøyet er i «normalmodus». Tidlegare vart berre ramma vist.

Tilpassa Gnome sine retningslinjer

Det er lagt ned mykje arbeid i å gjere GIMP enklare, særleg for nybyrjaren. Dei fleste dialogane følgjer nå GNOME HIG-tilrådingane (Human Interface Guide = retningslinjer for grensesnitt). I tillegg er mange av dei «Avanserte» innstillingane i dialogane fjerna, gøymde i ei utviding eller rett og slett gjort til standard.

GTK+ 2.4 overføring
  • Menyane brukar nå GtkUIManager for å laga menystrukturen dynamisk frå XML datafiler.

  • Ein heilt ny filveljar vert brukt overalt i GIMP for å opna og lagra filer. Den største fordelen med dette er at du nå kan laga eit sett med «bokmerke» slik at du lettare kan navigere deg fram til mykje brukte filkatalogar og mapper.

  • GIMP støttar nå «Fancy ARGB»-markørar, det vil seie markørar i gråtoner, når systemet har støtte for slike.

Elementær støtte for vektorgrafikk

Ved hjelp av programtillegget GFig kan du nå bruke vektorgrafikk i GIMP. GFig støtter ein del funksjonar i vektorgrafikk, som Fyll med fargeovergang, Bézierkurver og kurveteikning. Vektorgrafikken er også den enklaste måten å laga regulære og irregulære mangekantar i GIMP. I GIMP 2.2 kan du lage GFig-lag og redigera desse i GFig etterpå. Framleis er likevel vektorgrafikken i GIMP nokså primitiv i høve til spesialiserte program for vektorgrafikk som t.d. Inkscape.

Dessutan . . .

Det er mange mindre endringar som er meir eller mindre synlege for brukaren. Her følgjer ei kort opplisting.

  • Du kan nå køyre GIMP i batchmodus utan X-servar.

  • Det finst ei binærutgåve av GIMP som ikkje er kopla til GTK+.

  • Forbetra grensesnitt for inndataeiningar

  • Du kan nå redigere verktøykassa og velje både kva verktøykassa skal innehalde og korleis ho skal sjå ut. Dette kan vere nyttig t.d. for dei som ønskjer å legge til fargeverktøy i verktøykassa.

  • Histogram med R, G og B oppdeling for verdihistogrammet. Dessutan at utrekninga av histogrammet gjeld for innhaldet i utvalet.

  • Tastesnarvegane er felles for alle vindauga.