7.37. Fjern alfakanal

Kommandoen Fjern alfakanal fjernar alfakanalen frå dei valde laga. Lag utan alfakanal kan ikkje ha gjennomsiktige område. Gjennomsikta vert då byt ut med bakgrunnsfargen.

Denne kommandoen er slått av viss laget ikkje har ein alfakanal.

7.37.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagGjennomsiktFjern alfakanal.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Fjern alfakanalen på sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.