Kommandoen
justerer automatisk lysstyrken for fargane i det gjeldande laget slik at histogrammet for verdikanalen vert så flatt som mogleg. Eller med andre ord, at lysverdiane vert fordelte jamnast mogleg med like mykje på kvar piksel. Du kan sjå dette i eksemplet nedanfor ved at pikselfargar som det er mykje av i biletet er strekte meir enn fargar som det er lite av. Resultatet av kommandoen kan variera ganske mykje. Av og til er «Jamn ut» ypparleg til å forbetra kontrasten i biletet og til å henta ut detaljar som var vanskelege å få auge på før operasjonen. Andre gonger vert resultatet heilt elendig. Det er ein veldig kraftig operasjon og vel verd å prøva. Verkar han ikkje slik du ønskjer det, er det berre å angra heile greia. «Jamn ut» verkar på lag i RGB- og gråtonebilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.