7.29. Rediger lagmasker

Kommandoen Rediger lagmaska vekslar mellom å redigera laget eller å redigera lagmaska, viss denne er tilgjengeleg. Når lagmaska er i redigeringsmodus, vert dette vist med ein kvit kant rundt maska i lagdialogvindauget.

Legg merke til at å redigera ei lagmaske er skild frå å visa lagmaska. Du kan gjera lagmaska synleg for lettare å sjå kva du gjer på maska.

7.29.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagMaskeRediger lagmaska.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Rediger maska i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar, eller klikka på miniatyren av lagmaska for å gjera ho til den gjeldande lagmaska.