7.3. Nytt frå synlege

Denne kommandoen flettar saman dei synlege laga til eit nytt lag øvst i lagstabelen.

Føremålet er å kunna arbeida vidare på resultatet men behalda stega som førte hit. Eit eksempel: Du ønskjer å sløra nokre område i eit bilete med fleire lag. Du opprettar eit nytt lag frå dei synlege laga, slører dette og legg på ei lagmaske, og visker ut dei områda som ikkje skal slørast på det opphavlege biletet.

7.3.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagNytt frå synlege.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Nytt frå synlege i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.