7.52. Forskyving

Kommandoen Forskyving flyttar innhaldet i det gjeldande laget. Alt som vert flytt utanfor laggrensene vert klipt bort. Kommandoen har eit dialogvindauge der du kan bestemma kor langt laginnhaldet skal flyttast og kva det ledige rommet etter flyttinga skal fyllast med. Det kan brukast for å laga mønster som kan flisleggjast.

Denne kommandoen arbeidar berre på eit enkelt lag.

7.52.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagTransformerForskyv ….

  • Med tastesnarvegen Shift+Ctrl+O.

7.52.2. Innstillingane for «Forskyving»

Figur 16.109. Dialogvindauget «Forskyving»

Dialogvindauget «Forskyving»

Forval, Førehandsvising, Delt vising

Desse innstillingane er felles for GEGL-baserte dialogvindauge. Sjå Del 2, «Felles eigenskapar».

Forskyving
X, Y

Desse to verdiane bestemmer kor langt innhaldet i laget skal skiftast vassrett (X) og loddrett (Y).

Du skriv verdiar i tekstboksane for kor langt laginnhaldet skal flyttast. Positive verdiar gjer at innhaldet vert flytt mot høgre og nedover, negative verdiar mot venstre og oppover. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandra etter behov med nedtrekksmenyen. I mange tilfelle vil eininga «%» vere nyttig.

Du kan også klikka og dra på lerretet for å flytta laget.

Med breidd : 2, høgd : 2

Dette merkelege namnet betyr at dersom du trykkjer på denne knappen, vert X og Y sett til nøyaktig halve lagbreidda og halve laghøgda.

Ved breidd : 2

Same som ovanfor, men berre X-forskyvinga vert sett til nøyaktig halve biletbreidda.

Ved høgd : 2

Same som ovanfor, men berre Y-forskyvinga vert sett til nøyaktig halve biletbreidda.

Kanthandsaming

Du kan velja mellom tre ulike måtar for å fylle det ledige rommet som oppstår etter flyttinga:

  • Bryt rundt: Den ledige plassen på ei av sidene vert fylt opp med den delen av laget som hamnar utanfor lagkanten. Dermed forsvinn ingenting av laget.

  • Fyll med bakgrunnsfarge: Den ledige plassen vert fylt opp med den bakgrunnsfargen som er vist i verktøykassa.

  • Gjer gjennomsiktig: Den ledige plassen vert gjort gjennomsiktig. Dersom laget ikkje har alfakanal, er denne kommandoen slått av.

7.52.3. Eksempel

Figur 16.110. Å bruka kommandoen «forskyv» saman med «Kanthandsaming»

Å bruka kommandoen «forskyv» saman med «Kanthandsaming»

Originalbiletet

Å bruka kommandoen «forskyv» saman med «Kanthandsaming»

Y = -40, Kanthandsaming = Bryt rundt

Å bruka kommandoen «forskyv» saman med «Kanthandsaming»

Y = -40, Kanthandsaming = Fyll med bakgrunnsfarge

Å bruka kommandoen «forskyv» saman med «Kanthandsaming»

X = 40, Kanthandsaming = Gjer gjennomsiktig


Figur 16.111. Mønster som kan gjentakast

Mønster som kan gjentakast

Det opphavlege biletet og det tilhøyrande Lagdialogvindauget

Mønster som kan gjentakast

Kanthandsaming = bryt rundt, Forskyving = med breidd : 2, høgd : 2

Mønster som kan gjentakast

Lag eit repeterande mønster via filteret Flislegg