7.11. Fjern tekstinformasjon

Når du legg til tekst i eit bilete, legg GIMP til spesifikk informasjon. Denne kommandoen let deg forkasta denne informasjonen, og transformera det gjeldande tekstlaget til eit normalt punktgrafikklag.

Merk at når brukar ein grafisk operasjon på eit tekstlag, vert teksten automatisk omforma til punktgrafikk. Du kan få tilbake tekstinformasjonen ved å angra operasjonen som endra tekstlaget.

[Notat] Notat

Kommandoen dukkar opp i Lagmenyen berre viss minst eitt tekstlag er merkt.

7.11.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagForkast tekstinformasjon.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Fjern tekstinformasjon i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.