viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velja fargar eller visa filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vert tekne i bruk neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP.
Vindauget i modulhandsamaren viser alle lastbare modular.
Du kan klikka i rutene for å markera eller avmarkera modulane. Alle dei markerte modulane vert lasta inn automatisk neste gong du opnar GIMP.
Du vil ikkje oppdaga skilnaden før du prøver å ta modulane i bruk. Det er for eksempel mange fargeveljarar for å velja forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge. Nokre av desse er modular som berre er tilgjengelege når dei er slått på i modulhandsamaren:
Opplysningar om den valde modulen vert vist nedst i dialogvindauget for dei modulane som er lasta ned.
I den andre kolonnen vert føremålet med dei nedlasta modulane vist. Dersom modulen ikkje er lasta inn, vert katalogbanen vist i staden.
Klikk på knappen
for å oppdatere lista over modulane. Modular som er fjerna frå harddisken vert fjerna, medan nye modular som vert fundne vert lagt til.