6.16. Skjermvising

Figur 15.99. Innstillingar for skjermen

Innstillingar for skjermen

Her kan du bestemma korleis gjennomsikt i biletet skal visast på skjermen. Dessutan kan du kalibrera oppløysinga for skjermen.


6.16.1. Innstillingar

Gjennomsikt

Rutestorleik

Til vanleg vil GIMP indikere gjennomsikt ved hjelp av sjakkbrettmønster i middels lyse fargar. Du kan her endra fargen på rutemønsteret eller sjølve rutemønsteret. I tillegg kan du velje å markere gjennomsikt med einsfarga svart, kvit eller grå.

Rutestorleik

Du kan her velje mellom små, middels eller store ruter for sjakkbrettmønsteret.

Figur 15.100. Dialogvindauget for kalibrering

Dialogvindauget for kalibrering

Skjermoppløysing

Skjermoppløysinga vert målt i kor mange biletpunkt det må til for å få ein tomme (eigentleg inch) på skjermen. Oppløysinga vert målt både horisontalt (X-oppløysing) og vertikalt (Y-oppløysing). Du kan velje mellom tre metodar:

  • Hent oppløysinga frå vindaugesystemet til datamaskinen. Dette er den suverent enklaste måten, men kan vere unøyaktig.

  • Sett manuelt

  • Ved bruk av kalibreringsknappen.

Dialogvindauget «Kalibrering»

Dataskjermen min var mykje feil då eg prøvde ut kalibreringsdialogvindauget. Det var gøy å spela «kalibreringsspelet». Du treng ein mjuk linjal.