6.20. Tittel- og statuslinjer i biletet

Figur 15.106. Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Denne sida vert brukt for å tilpassa tekst som kjem fram på tittellinja og på statuslinja i biletvindauget. Tittellinja skal normalt verta vist over biletet, men sidan dette krev eit samarbeid med bilethandsamaren i datamaskinen, er det slett ikkje sikkert at dette alltid er tilfelle. Statuslinja skal på same måten normalt vera å finna under biletet, men heller ikkje her kan ein vere heilt sikker på at så er tilfelle. Sjå meir om dette i avsnittet om biletvindauge.


6.20.1. Velje eit format

Du kan velje mellom ein del ferdige format, eller du kan lage eit sjølv ved å skrive inn ein formatstreng. Denne formatstrengen viser alt slik du skriv det inn, unntatt variablane, som alltid byrjar med «%». Her kjem ei liste aver dei variablane du kan bruke:

Variablane Betyr
%f Namnet på biletfila, eller «Utan namn»
%F Full bane, eller «Utan namn»
%p ID-nummer for biletet (dette er unikt).
%i Visningsnummer dersom biletet har meir enn ei vising
%t Bilettype (RGB, gråskala eller indeksert)
%z Zoomfaktor i prosent
%s Skaleringsfaktor kjelde (zoomnivå= %d/%s)
%d Skaleringsfaktor mål (zoomnivå= %d/%s)
%Dx Utvid til x dersom biletet er ulagra, elles ingenting
%Cx Utvid til x dersom biletet er lagra, elles ingenting
%l Talet på lag
%L Talet på lag (lang form)
%m Minne brukt av biletet
%n Namnet på aktivt lag/kanal
%o Namnet på fargeprofilen
%P ID for aktivt lag/kanal
%w Biletbreidde i pikslar
%W Biletbreidde i brukt måleeining
%h Bilethøgde i pikslar
%H Bilethøgde i brukt måleeining
%u Symbol for måleeining (t.d. px for piksel)
%U Forkorting for måleeining
%x Aktiv lagbreidd i pikslar
%X Aktiv lagbreidd i reell måleeining
%y Aktiv laghøgd i pikslar
%Y Aktiv laghøgd i reell måleeining
%% Skriv ut teiknet «%»