6.18. Biletevindauge

Figur 15.103. Generelle innstillingar for biletvindauget

Generelle innstillingar for biletvindauget

På denne sida kan du setja opp ein del innstillingar for oppførsla til biletvindauget.


6.18.1. Innstillingar

Generelt

Bruk «Vis alle» som standard

Referer til Del 5.3, «Show All» for å forstå denne innstillinga.

Bruk «Punkt for punkt» som normal

Når «Punkt for punkt» er på, vert ein piksel i biletet vist som ein piksel på skjermen dersom forstørringa er sett til 1 : 1. Når «Punkt for punkt» er slått av, vert forma på biletet vist på skjermen bestemt av X- og Y-oppløysinga i biletet. Du finn meir om dette i Del 6.21, «Skaler biletet».

Farten til dei marsjerande maura

Kantane rundt eit utval vert markerte med ei prikkelinje som ser ut til å flytte seg rundt kanten. Dette er dei såkalla «Marsjerande maura». Dess lågare verdi du set her, dess raskare vil maura flytte seg, og altså dess meir distraherande vert linja.

Oppførsel ved endring av visinga

Endre vindaugestorleik ved endring av biletvisinga

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet når du forstørrer eller forminsker det. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Endra vindaugestorleiken når biletstorleiken vert endra

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Format ved opning

Du kan her velje om biletvindauget skal skalerast slik at heile biletet får plass i vindauget når du opnar det, eller du kan vise biletet i storleik 1 : 1. Dersom du vel den siste, og biletet er større enn skjermen, vert berre ein del av biletet vist. Du kan sjølvsagt likevel flytta rundt på biletet for å sjå resten av det.

Mellomromtasten

Medan mellomromtasten er nede
  • Panoreringsvising (standard) eller

  • Bytt til flytteverktøyet

  • Inga handling

Musepeikar

Vis penselomriss

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil musepeikaren vise omrisset av det aktive verktøyet. Skulle det vise seg at GIMP får problem med å følgje med i penselflyuttingane dine, kan du slå av denne funksjonen.

Vis markør for teikneverktøyet

Dersom denne er avkryssa, vil musemarkøren vere synleg for teikneverktøya. Denne markøren kjem i tillegg til eventuelt penselomriss. Markørtypen bestemmer du i neste val.

Markørmodus

Dette valet har berre meining dersom det er kryssa av for Vis markør for teikneverktøyet. Du har tre val: 1. Verktøyikon, som i tillegg til markøren viser eit lite ikon som skal førestilla det aktuelle verktøyet. 2. Verktøyikon med trådkors som i tillegg til markøren også viser eit trådkors som indikerer sentrum for verktøyet. 3. Bare trådkors som viser berre trådkorset utan markøren.

Peikarhendt

Dette valet bestemmer retninga på oeikaren. Standard er Høgrehendt. Når Venstrehendt er vald, vert peikaren spegelvendt vassrett.