Symptom: Kontroller Lagdialogvindauget for å sjå om det gjeldande laget eigentleg er ei laggruppe. Når ei laggruppe ikkje er tom, vert dette vist med eit lite ikon, eller framføre miniatyren og namnet for laggruppa. Dei fleste handlingane verkar ikkje på laggrupper. Det kjem i tilfelle opp ei feilmelding: «Kan ikkje teikna på laggrupper».
Løysing: Du må gjera eit lag som ikkje er i ei laggruppe aktivt. Vel eit lag ved å klikka på det i lagdialogvindauget. Viss den aktive laggruppa har eit -teikn framføre seg, er ho gøymd. Du kan klikka på ho for å utvida gruppa og visa dei individuelle laga i gruppa.