4.2. Innrettingsverktøyet

«Innrettingsverktøyet» er nyttig for å justera biletlaga i høve til ulike biletobjekt. Når dette verktøyet er vald, får musepeikaren form av ei lita hand. Du vel laget som skal flyttast (med Shift + klikk kan du velja fleire lag som skal justerast) ved å trykkja på eit element i eit lag i biletet. Dette fokuserte laget har små firkantar i hjørna og vert kalla kjelde. Deretter vert knappar i dialogvindauget slått på og vert påslåtte gjennom heile GIMP-økta: med desse kan du velja målet, det vil seia eit anna lag, utval eller bane som kjelda skal justerast etter.

4.2.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaInnrettingsverktøyet.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Ved å trykkja på tasten Q.

4.2.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Du kan markere fleire lag samstundes ved å halde nede Shift-tasten når du klikkar på laga.

[Tips] Tips

Ofte vil det vere enklare å velje fleire lag ved hjelp av «strikkmetoden»: Klikk ein eller annan stad utanfor eit tenkt rektangulært område som inneheld dei laga du vil markere. Dra ut regionen med musepeikaren medan du held museknappen nede. Når du slepp musepeikaren, vert alle laga som er innføre rektangelet markerte.

Legg merkje til at det no ikkje er noko «første element» å innretta laga etter.

4.2.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.92. Innstillingane for «Innrettingsverktøyet»

Innstillingane for «Innrettingsverktøyet»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Innrettingsverktøyet
Relativ til:

I denne nedtrekkslista vel du målet, biletobjektet som laget vert justert i høve til.

  • Bilete: Biletet vert brukt som mål.

  • Utval: Utvalet vert brukt som mål.

  • Plukka referanseobjekt: Det merkte objektet (lag, bane, hjelpelinje) på lerretet.

Innrettingsknappane

Desse knappane vert slått på når eit mål er vald.

  • Innrett venstreside av målet: for å innretta den venstre kanten av kjelda mot venstre kanten av målet.

  • Innrett sentrum av målet: Innrett midten av målet not loddrett midtpunkt i målet.

  • Innrett høgresida av målet: for å innretta den høgre kanten av kjelda mot høgre kanten av målet.

  • Innrett øvre sida av målet: for å innretta den øvre kanten av kjelda mot øvre kanten av målet.

  • Innrett midten av målet: for å innretta midten av kjelda mot den vassrett midten av målet.

  • Innrett nedre sida av målet: for å innretta den nedre kanten av kjelda mot nedre kanten av målet.

Eksempel

Eit bilete med eit utval, lag 1 (bakgrunn) er det gjeldande laget, 2 er klipt til innhaldet,, lag 3 er eit tekstlag.

Me klikkar på den gule sirkelen: lag #2 vert kjelda. Me vil senda denne kjelda til midten av utvalet: valet «Relativ» er sett til «Utval».

Det er trykt på Innrett sentrum av målet

Det er trykt på Innrett midten av målet

Fordel
Fordel knappane

Desse innstillingane er brukte når du har fleire mål og ønskjer å stilla dei opp. Her er laga merkte med Shift + Klikk er kalla «mål». Men dei er eigentleg kjelder. Valet «Relativ til» er sett for å bestemma målet. Desse transformeringane er som oftast relative til «bilete».

Desse alternativa arbeidar som innrettingsvala, men du kan fordela kjeldene jamt.

  • Fordel måla jamt vassrett: fordeler kjeldene jamt vassrett.

  • Fordel midten av målet vassrett: fordeler midten av kjeldene jamt vassrett.

  • Fordel måla jamt loddrett: fordeler kjeldene jamt vassrett.

  • Fordel midten av målet loddrett: fordeler midten av kjeldene jamt med midten av målet.

Figur 14.93. Eksempel på bruk av «Fordel»-kommandoane

Eksempel på bruk av «Fordel»-kommandoane

Basisbilete: tre lag. Eksempel på bruk av «Fordel»-kommandoane (Fordel høgresida av målet) vil verta brukt.

Eksempel på bruk av «Fordel»-kommandoane
Det gjeldande laget er gult (målet). Alle laga er innretta etter den høgre kanten til det gule laget.

4.2.4. Eit praktisk eksempel på bruk av «Fordel»

Figur 14.94. Opphav

Opphav
Fire tekstlag med same storleik. Me ønskjer å innretta dei i midten av biletet.


      

Opphav

Me merkte dei som kjelder med Shift + Klikk.

Opphav

Standardlaget (Relativt til) er «bilete». Me brukte Opphav kommandoen (Fordel midten av målet loddrett).

Opphav

Etter bruk av Opphav (Fordel måla jamt vassrett).


4.2.5. Innrett med gummistrikk

Figur 14.95. Innrett med gummistrikk

Innrett med gummistrikk

Vi klikka til venstre for og over det raude laget og dro ut eit område som dekker det raude og det gule laget ved å dra peikaren nedover mot høgre.

Innrett med gummistrikk

«Utval» er referansen. Etter eit trykk på Innrett med gummistrikk -knappen vert begge laga innretta etter den venstre sida av utvalet.