3.10. Pennen (blekkverktøyet)

Dette verktøyet simulerer ein penn med utskiftbare splitter («pennespissar») som vert brukt for å skriva med blekk. Du kan bestemma breidda, forma og vinkelen på pennen etter kva slag avtrykk du ønskjer han skal gje.

3.10.1. Å slå på verktøyet

Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaPenn.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Ved å trykkja tasten K.

3.10.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald denne tasten nede for å gjera spissen om til ein fargeplukkar.

3.10.3. Innstillingar

Figur 14.65. Innstillingane for «pennen (blekkverktøyet)»

Innstillingane for «pennen (blekkverktøyet)»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Modus, Dekkevne, Utvid laga
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Justering
Storleik

Bestemmer breidda på pennesplitta på ein skala frå 0, smalast, til 20, breiast.

Vinkel

Bestemmer hellingsvinkelen til pennesplitta, frå -90º til +90º.

Følsemd
Storleik

Bestemmer relativ breidd på splitta i høve til tidlegare innstilling. Legg merkje til at null (0) ikkje gjev null pennebreidde, men den minst moglege.

Helling

Bestemmer hellinga på splitta. Denne kontrollen verkar saman med vinkelkontrollen nemnd ovanfor, du må difor kanskje eksperimentera litt med desse to for å finna fram til den innstillinga du ønskjer. Innstillinga går frå 0 (minst helling) til 1 (mest helling).

Fart

Bestemmer breidda på splitta som ein funksjon av teiknefarten. Dette simulerer ein verkeleg penn, der streken vert tynnare dess raskare du strekar.

Type og form
Type

Du kan her velja mellom dei tre hovudformene til pennesplitta: sirkel, firkant og rombe.

Form

Du kan i tillegg endra utsjånaden til pennesplitta ved å halde nede museknappen medan du har markøren i det vesle kvadratet i midten av figuren som viser forma. Du endrar forma ved å flytte musemarkøren rundt inne i figuren.