5.5. Målingar

Måleverktøyet vert brukt når du har behov for å finna pikselavstandar og vinklar på biletet ditt. Ved å klikka og dra musepeikaren kan du finna ut kor stor ein vinkel er eller kor mange pikslar det er frå der du klikka til der musepeikaren er. Informasjonen vert vist på statuslinja nedst i biletvindauget, eller i informasjonsvindauget.

Eit nokså vanleg bruksområde for «Måleverktøyet» er å rekna ut rotasjonsvinkelen når horisonten ikkje er vassrett på eit foto. For å retta opp horisonten, trykk på knappen Rett oppetter at du har målt vinkelen.

Denne knappen kan brukast for å retta opp vassrette eller loddrette linjer: startpunktet kjem med ein liten stolpe som viser retninga.

Når du held musepeikarren over endepunktet vil peikaren vise eit flyttemerke. Klikk for å lese av målinga.

5.5.1. Statuslinja

Informasjonen blir vist på statuslinja nedst i biletvindauget:

  • Avstanden mellom startpunktet og musepeikaren målt i pikslar.

  • Vinkelen i kvar kvadrant, frå 0° til 90°.

  • Peiarkoordinata i høve til startpunktet.

5.5.2. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen: VerktøyMåling.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.

5.5.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Hald nede Shift-tasten når du ønskjer å byrje ei ny måling frå der musepeikaren er no, utan å fjerna den føregåande målinga. Vinkelen mellom dei to linjene vert vist. Eit endepunkt kan flyttast ved å klikka og dra. Denne metoden nyttig for å måla vinklar i biletet:

Figur 14.136. Shiftmodifikator

Shiftmodifikator

Klikk på startpunktet og følj eitt av vinkelbeina.

Shiftmodifikator

Så held du nede Shift-tasten og trykkjer på startpunktet igjen og dreg langs det andre vinkelbeinet: Du får no opp verdien på denne vinkelen.


Ctrl

Ved å halde nede Ctrl-tasten medan du utførar målingane, blir verktøyet avgrensa til å måle rette linjer i vinklar som er multiplar av 15º, dvs. 0º, 15º, 30º osv.

Hald nede Ctrl-tasten og klikk på eit endepunkt for å laga ei vassrett hjelpekinje. Musepeikaren føljer med -ikonet.

I vassrett eller loddrett modus, vil Ctrl veksla mellom vassrett og loddrett.

Alt

Held du nede Alt-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vert det sett inn ei loddrett hjelpelinje.

Ctrl+Alt

Denne tastekombinasjonen og klikk på ei målelinje for å flytta målinga.

Ctrl + Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei vassrett og ei loddrett hjelpelinje.

5.5.4. Innstillingar

Figur 14.137. Innstillingar

Innstillingar

Orientering (Ctrl)

I Auto-modus (standard) vil Rett opp kopla seg til den minste vinkelen mellom den målte linja og vassrett eller loddrett retning. Du kan overstyra dette ved å spesifisera retninga med Vassrett og Loddrett.

Bruk infovindauget

Dette valet vil visa eit infovindauge med detaljar om målinga. Du kan også finna meir fullstendige resultat på statuslinja.

Rett opp

Transformer, Interpolering og Klipping vert handsama i Del 4.1.1, «Verktøyinnstillingar». Her er eit eksempel på oppretting av ein bane:

Det opphavlege biletet

Strek opp bane

Gjer banen synleg

Teikna ei målelinje på segmentet du vil retta opp

Rett opp

Figur 14.138. «Rett opp» klippeinnstillingar

«Rett opp» klippeinnstillingar

Teikna ei målelinje

«Rett opp» klippeinnstillingar

Rett opp med «justering»

«Rett opp» klippeinnstillingar

Rett opp med «Klipp»

«Rett opp» klippeinnstillingar

Rett opp med «Beskjer til resultatet»

«Rett opp» klippeinnstillingar

Rett opp med «Beskjer med sideforhold»


Rett opp: trykk på denne knappen for å utføra opprettinga.

5.5.5. Å måle overflater

Det er ikkje råd å måle flater direkte med dette verktøyet. I staden kan du prøve verktøyet histogram, som mellom anna viser kor mange pikslar det er i utvalet.