«Gni ut»-verktøyet lagar fingermåling. Det fungerer på to måtar:
Flyt er sett til 0,00 (standard), vil utsmøringsverktøyet bruka den gjeldande penselen for å smørja ut fargane i det gjeldande laget eller utvalet. Det tek ein farge i forbifarten og brukar denne for å blanda med den neste fargen det møter.
Når Flyt er større enn 0,00, verkar utgnidingsverktøyet som ein pensel som blandar forgrunnsfargen i verktøykassen med den underliggjande fargen.
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå biletmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.
Ved å trykkja tasten S.
Shift-tasten gjer at utglattingsverktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , vert det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer utglattinga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.
Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Hard kant: dette valet gjev eit hardt omriss for det utsmurde området.
Viss utgnidinga reduserer alfa for nokre pikslar, vert alfaen ikkje redusert viss dette alternativet er merkt av. Pikslane vert difor ikkje sletta. Dette er nyttig for å fylla eit gap mellom to fargeområde.
Dersom denne er slått på, vert effekten henta data frå alle synleg laga i biletet, ikkje berre frå det gjeldande laget.
SjåDel 3.12, «Kloning» korleis du brukar «Flett synlege» i ikkje-destruktiv biletredigering.
Dette valet kunne vore kalla «utgnidingslengd» sidan det bestemmer lengda på utgnidingseffekten i eit strok.
Me har alt sett skilnaden når «Flyt» er sett til 0,00 (arbeidar på det opphavlege utglattingsverktøyet) og sett til større enn 0,00 (brukar forgrunnsargen for utglattinga).
Her er merknadar og eksempel på bruk av «Ingen sletteeffekt» og «Flyt» frå gimp-forum.net: