4.14. Forvrenging

Forvrenging (engelsk: warp) er eit GEGL-basert penselliknande verktøy som erstattar det gamle forvrengingsverktøyet og arbeider direkte på biletet slik at du kan sjå resultatet straks. Du kan bruka ein viske-modus for å fjerna forvrengingar du har laga. Det finst innstillingar slik at du kan endra styrken og storleiken på forvrenginga.

4.14.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaForvrenging.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Ved å trykkja på tasten W.

4.14.2. Innstillingar

Figur 14.125. Innstillingane for forvrengings-verktøyet

Innstillingane for forvrengings-verktøyet

Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet i verktøykassen:

Flytt pikslar

«Flytt pikslar» er den første oppføringa i nedtrekkslista med ulike forvrengingsmetodar:

  • Flytt pikslar er standardmetoden.

    Figur 14.126. Eksempel på flytt pikslar

    Eksempel på flytt pikslar

  • Utvid området

    Figur 14.127. Eksempel på utviding

    Eksempel på utviding

  • Krymp området

    Figur 14.128. Eksempel på krymping

    Eksempel på krymping

    Her er det klikka fem gonger på biletet med penselstorleik = biletstorleik.


  • Kvervling med og mot klokka

    Figur 14.129. Eksempel på kvervling

    Eksempel på kvervling

    Kvervling av heile biletet med klokka (penselstorleik = biletstorleik) med ei sirkulær rørsle av penselen.


  • Visk ut forvrenginga

  • Mjuk opp forvrenginga

Storleik

Penselstorleiken.

Hardleik

Styrke

Set forskyvinga av pikslane ved vridinga. Maksimal forskyvning er på penseldiameteren.

Mellomrom

Interpolering
[Notat] Notat

Det vert brukt interpolering under forvrenginga. Sjå meir om dette i Interpolering.

Abyss-policy

«Abyss» er eit omgrep som vert brukt av GIMP-utviklarane for «data utføre inngangsbufferen». Forvrengings-verktøyet flyttar pikslar frå eitt punkt til eit anna. Nokre pikslar kan koma utanfor laggrensa. Desse pikslane finst faktisk ikkje nokon stad og har difor ingen farge kopla til seg. Likevel må verta tildelt noko farge.

«Abyss policy» har ei nedtrekksliste som du kan bruka for å fylla tome område på ulike måtar:

  • Ingen: Dette er standardinnstillinga. Tomme område vert gjennomsiktige. Biletet må ha alfakanal for å kunne bruka denne funksjonen.

  • Klem: Kvar kant på det omforma laget strekkjer seg uendeleg langt utover, så for eksempel ein piksel til venstre for laggrensa har den same fargen som pikselen lengst mot venstre i laget med det same y-koordinatet. Ein annan måte å sjå det på, er at kvar piksel utføre laggrensa har den same fargen som den næraste pikselen innføre laggrensa.

  • Løkke: Laget som vert forvrengt gjentar seg sjølv i alle retningar. Pikslar som for eksempel kjem utføre laget på høgre side vert sett inn på venstre side av laget.

Figur 14.130. Eksempel på vala i Abyss taktikk

Eksempel på vala i Abyss taktikk

Førehandsvising i høg kvalitet

«Førehandsvisinga» er det biletvindauget du arbeider på før du trykkjer Enter for å stadfesta transformasjonen. Er det kryssa av for denne, vert kvaliteten på visinga betre, men arbeider saktare.

Førehandsvising i sanntid

Strok

  • Under rørsle

  • Periodisk

Animer

Med dette valet avkryssa kan du gjera opptak av forvrenginga på vegen frå det opphavlege biletet til den avsluttande deformeringa av biletet.

Rammer: Kor mange rammer som skal brukast i animasjonen.

Knappen Lag animasjon: Vert brukt for å laga animasjonen i eit nytt biletvindauge som dukkar opp. Eksporter det som GIF-bilete og merk av for Som animasjon i dialogvindauget for eksport.