2.2. Å legge til skrifttypar

Det kjem stendig til nye skrifttypar. Det er difor fornuftig å stikke innom GIMP sine offisielle sider om dette på Fonts in GIMP 2.0.

GIMP uses the FreeType 2 font engine to render fonts, and a system called Fontconfig to manage them. Any font in Fontconfig's font path is available in GIMP. In addition, any font which is located in GIMP's Font Folders is available in GIMP. Font Folders are set on the Fonts page in the Folders preferences. By default, there are two Font Folders: The system GIMP fonts folder (which you should not alter), and a fonts folder inside your personal GIMP directory. You can also add additional font folders if wanted.

FreeType 2 supports many common font file formats. You can also add modules to support other types of font files. See FREETYPE 2 [FREETYPE] for more information.

Linux. På eit Linux-system treng du berre legge dei nye skrifttypane inn i mappa ~/.fonts dersom Fontconfig er sett opp på vanleg måte. Dette vil gjere skrifttypen tilgjengeleg for GIMP og alle andre program som nyttar Fontconfig. Dersom du av ein eller annan grunn ønskjer å avgrensa skrifttypen berre til bruk i GIMP, må du leggja skrifttypen inn i undermappa fonts i dei personlege GIMP-mappene dine. Dersom du treng dei nye skrifttypane i eit program som alt køyrer, må du trykka knappen Oppdater () i skrifttypedialogen.

Windows. Den enklaste måten å installera skrifttypar er å dra den aktuelle fila inn i mappa for skrifttypar og la Windows gjere resten. Dersom du ikkje har vore alt for kreativ med å omordna filsystemet, vil du som oftast finne skrifttypane anten i C:\windows\fonts eller i C:\winnt\fonts. Dersom du dobbeltklikkar på ein skrifttype, kan det henda han både vert installert og vist fram, andre gonger vert han berre vist. Denne metoden vil gjere skrifttypen tilgjengeleg for alle Windowsprogramma, ikkje berre GIMP.

Mac OS X. Det er mange måtar å installere skrifttypar på. Ein av måtane er å dra-og-sleppe dei i mappa «Fonts» i katalogen «Libraries» i «heimemappa» di. Du kan også bruke Font Book som vert aktivert ved å dobbeltklikke på skrifttypesymbolet i «Finder». Du kan då sjå korleis skrifttypen ser ut før du klikkar på dei du ønskjer å legge til i maskinen din. Desse metodane gjer skrifttypane tilgjengelege for alle programma i maskinen, ikkje berre for GIMP. Dersom skrifttypane skal vere tilgjengelege for alle brukarane, kan du dra-og-sleppe dei i mappa «Fonts» i Mac OS X™ sine mapper, eller i mappa «Computer» i kolonna Collection i Font Book.

In principle, GIMP can use any type of font on Windows that FreeType can handle; however, for fonts that Windows can't handle natively, you should install these fonts by placing the font files in the fonts folder inside your personal GIMP directory (see above). Windows support for different font file formats varies by the Windows version. Please ask in a Windows support forum in case of problems.

[Notat] Notat

GIMP bruker Fontconfig for å handtere skrifttypar både i Windows og Linux. Forklaringa ovanfor verkar fordi Fontconfig i utgangspunktet bruker dei same skriftfilene som Windows sjølv nyttar. Dersom Fontconfig er sett opp annleis, kan det vere du må finne ut sjølv korleis typane skal installerast. I alle tilfelle vil skriftfilene lagt i den private mappa fonts virke i GIMP.