5.3. Banar og utval

I GIMP kan du omforma utvala i eit bilete til ein bane, og omvendt. Du kan finna nærare informasjon om korleis dette går føre seg i bolken utval.

Når du omformer eit utval til ein bane, vil banen følgje dei «marsjerande maura». Sidan utvalet er todimensjonalt medan banen er eindimensjonal, er det uråd å gjere denne omforminga utan å missa ein del informasjon. Såleis vil all informasjon om delvis markerte område (t.d. mjuke kantar) forsvinna. Når ein bane vert ført tilbake til eit utval, vil dette resultera i eit alt-eller-ingenting-utval, på same måten som når du vel «Gjer skarpare» i menyen Utval.