4. Å bruka snarmaskemodus

  1. Opna eit bilete eller byrja på eit nytt dokument.

  2. Aktiver snarmaska ved å trykkja på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vert maska laga med innhaldet frå dette.

  3. Vel eitt av teikneverktøya og teikna med svart der du ønskjer å fjerna utvalet og med kvitt for å legge til i utvalet. Bruk gråfarge for å gjere eit område delvis utvald.

    Du kan også laga eit utval med eit av utvalsverktøya og bruka fyllverktøyet for å fylla dette. Dette øydelegg ikkje snarmaskemarkeringane.

  4. Slå snarmaska av ved å trykkja på snarmaskeknappen i nedre, venstre hjørnet i biletvindauget. Dei marsjerande maura vil dukka opp igjen.