Gjennomsikt i bilete kan lagrast på to måtar: enkel binær gjennomsikt og alfa-gjennomsikt. Den første forma vert brukt i GIF-formatet. Her kan du velja ein av fargane i det indekserte fargekartet til å vera gjennomsiktig. I PNG-formatet vert informasjonen om gjennomsikt lagra i ein eigen alfakanal.
Notat | |
---|---|
PNG-formatet støtter stort sett dei same eigenskapane som GIF-formatet. I tillegg har PNG støtte for alfakanalar. GIF vert difor i dag sort sett berre brukt til animasjonar. |
Prosedyre 6.1. Å lage eit bilete med gjennomsiktige område (alfa-gjennomsikt)
Me brukar GIMP sin maskot, Wilber, som eksempel.
For å kunna eksportera eit bilete med alfa-gjennomsikt, må biletet ha ein alfakanal. Dette kan du kontrollera ved å gå inn i kanaldialogvindauget og sjå at det i tillegg til «raud», «grøn» og «blå» også er sett opp «alfa». Dersom det manglar alfa, må du leggja til alfakanal frå lagmenyen via + → .
Den opphavlege XCF-fila inneheld bakgrunnslag som kan fjernast. GIMP har mange standardfilter som brukar fargeovergangar. Sjå under
+ . For å visa kva alfa-gjennomsikt kan gjera, har me vald å laga ein mjuk glød i bakgrunnen rundt Wilber, men du har sikkert fantasi nok til å prøva ut mange andre.Når du er ferdig med biletet, kan du eksportera det i PNG-format.