Nokre av bileta som ikkje er i XCF-format har nokre tilleggsinnstillingar som fortel korleis dei skal opnast i GIMP. I tilfelle vert det opna eit nytt dialogvindauge. Denne bolken vil dokumentera alle filformata som har denne innstillinga.
Viss du vel å opna ei PDF-fil, vert det opna eit spesifikt dialogvindauge i GIMP for denne filtypen.
Du kan velja sider ved å skriva inn tal eller talområde skilde med komma. For eksempel vil 4-7,9
velja sidene 4, 5, 6, 7 og 9 i dokumentet. Standard er å velja alle sidene.
Viss dette er sett til Bilete, vil GIMP opna kvar av dei valde sidene som eit eige bilete. Er det sett til Lag, vil GIMP laga eitt bilete med kvar vald side som eit lag.
I vanleg oppsett vert den første sida lastast inn først, noko som betyr at ho vert botnlaget. Viss du merkjer av for denne, vert den første sida lasta inn sist og vert det øvste laget.
Storleiken på biletet vert bestemt av kva som er sett for Breidd, Høgd og Oppløysing. Eit PDF-dokument inneheld informasjon om breidd og høgd i einingar med fysisk lengd, så det gjev meining å setja breidda og høgda i pikslar og oppløysinga i pikslar per fysisk lengdemål.. Endrar du ein av desse parameterane, vert dei andre automatisk endra tilsvarande.
Merk av i denne boksen for å bruka utglatting på tekst i biletet.
Når denne er avmerkt, vert alle gjennomsiktige område i PDF-sidene fylte med kvitt. Når denne ikkje er merkt av, vil gjennomsiktige område behalda gjennomsikta.
Viss du vel å opna ei PstScript-fil, vil GIMP opna eit ekstra dialogvindauge med innstillingar spesielle for denne filtypen.
Storleiken på biletet vert bestemt av kva som er sett for Breidd, Høgd og Oppløysing. Eit PostScript-dokument inneheld informasjon om breidde og høgde i einingar med fysisk lengde, så det gjev meining å setja breidda og høgda i pikslar og oppløysinga i pikslar per fysisk lengdemål.. Endrar du ein av desse parametrane, vert dei andre automatisk endra tilsvarande.
Vel S/K for at GIMP skal laga biletet som eit indeksert bilete med to fargar. Grå for eit gråtonebilete eller Farge for eit RGB-bilete (sjå Del 1, «Bilettypar» for ei fullstendig forklaring på desse ulike modusane). Viss du vel Automatisk vil GIMP prøva å finna ut kva som er den mest høvelege modusen for det aktuelle biletet.
Viss det er merkt av for dette, vil GIMP bruka grensefeltinformasjonen i PostScript-fila for å bestemma kor mykje av sida som skal brukast: Dette svarar til faktisk å klippa bort blankteikn frå kantane på biletet. Det er mogleg for ei PostScript-fil å ikkje innehalda informasjon om grensefelt, i så fall vert dette alternativet ignorert.
Du kan velja sider ved å skriva inn tal eller talområde skilde med komma. For eksempel vil 4-7,9
velja sidene 4, 5, 6, 7 og 9 i dokumentet. Standard er å velja alle sidene. Merk: Dette er synleg berre om det er meir enn éi side.
Viss dette er sett til Bilete, vil GIMP opna kvar av dei valde sidene som eit eige bilete. Er det sett til Lag, vil GIMP laga eitt bilete med kvar vald side som eit lag. Merk: Dette er synleg berre om det er meir enn éi side.
Du kan velja at GIMP skal bruka kantutjamning separat for tekst og for grafikk i det importerte biletet. Du kan velja mellom anten Svak eller Sterk kantutjamning. I dei fleste tilfella bør du velja Sterk.