2.6. HSV-komponent lagmodus

«HSV»-gruppa inneheld lagmodus som brukar HSV-fargemodellen.

HSV kulør

Figur 8.37. Eksempel på lagmodus «HSV-kulør»

Eksempel på lagmodus «HSV-kulør»

Topplaget med 100 % dekkevne og «HSV-kulør»-modus.


Modus HDV-kulør brukar kuløren (fargen) i det øvre laget og metninga og lysverdien frå det nedre laget for å laga det nye biletet. Dersom metninga i det øvre laget er 0, vert også verdiane for kulør teke frå det nedre laget.

HSV-metning

Figur 8.38. Eksempel på lagmodus «HSV-metning»

Eksempel på lagmodus «HSV-metning»

Topplaget med 100 % dekkevne med «HSV-metning» modus.


Modus HSV-metning brukar verdiane for metning i det øvre laget og verdiane for kulør i det nedre laget for å laga det nye biletet.

HSL-farge

Figur 8.39. Eksempel på lagmodus «HSL-farge»

Eksempel på lagmodus «HSL-farge»

Topplaget med 100 % dekkevne og «HSV-farge»-modus.


Modus HSL-Farge brukar kulør og metning frå det øvre laget, og lysverdien frå det nedre laget for å laga det ferdige biletet.

HSV-verdi

Figur 8.40. Eksempel på lagmodus «HSV-verdi»

Eksempel på lagmodus «HSV-verdi»

Topplaget med 100 % dekkevne og «HSV-verdi»-modus.


Modus HSV-verdi brukar lysverdien frå det øvre laget, og kulør og metning frå det nedre laget for å laga det ferdige biletet. Du kan bruka dette for å få fram detaljar i dei mørke og lyse områda utan å endra metninga.