Dette filteret er svært effektivt, men diverre også svært komplekst. Det brukar ein matematisk metode som vert kalla «Cellular Automata» [WKPD-CA] (engelsk). («CML» står for det engelsk «Coupled-Map Lattice» («samankopla avbildingsgitter»)).
Dei ulike filterinnstillingane er fordelte mellom fanene Kulør,Metning, Verdi, Utvida, Andre og Ymse innstillingar. Desse innstillingane vert forklarte etter kvart.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parameterane. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykkjer på knappen
.Slump er ein avgjerande faktor når det skal lagast mønster. I matematikken finst det faktisk ingen metodar for å laga heilt tilfeldige talrekkjer på. «Tilfeldige tal» er alltid eit resultat av diverse matematiske formlar. Desse formlane har alltid eit tal som utgangspunkt. Dette er «frøet». Når du klikkar på knappen
, vil slumpgeneratoren byrja på ein heilt ny sekvens med eit nytt frø. Resultatet kjem fram i førehandsvisinga. Knappen gjer at generatoren brukar det same startfrøet heile tida, og dermed lagar det same mønsteret kvar gong. Eit trykk på knappen vil generera eit nytt, tilfeldig frø.Med desse kommandoane kan du lagra innstillingane for eit mønster og hente det fram att seinare.
I denne fana set du innstillingane for kulør ut frå fargemodellen HSV som dette filteret arbeider i.
Dette er ei nedtrekksliste med ulike metodar for handsaming av det gjeldande laget. Desse metodane er:
Verdiane i biletet for kulør vert uendra.
Startfargen vil vere cyanblå (den første fargen i HSV-modellen).
Mønsteret vil vere avhengig av verdien k
som kjem seinare i lista.
Sjå «Fyll med k-parameter» ovanfor.
Desse funksjonane lagar bølgjemønster noko liknande nordlys eller gardinfaldar.
Desse vala styrer kuløren. For å beskriva kva alle desse formlane gjer, trengst det ei eiga bok. Det er enklare å prøva dei ut på eige hand. Eksperimenter!
Også i dette tilfellet vil det vere nødvendig med ei eiga bok for å beskriva alle funksjonane. Prøv deg fram i staden.
Denne glidebrytaren styrer kor mykje filteret skal påverka biletet. Låge verdiar gir linjeformer medan høgare verdiar gir eit avrunda mønster.
Verdi er frå 0,0 til 1,0
Kor langt skal fargane spreie seg. I praksis: Du påverkar retning og storleik for mønsteret.
Du kan her, på ein skala frå 1 til 10, bestemma kor komplekst mønsteret skal verta.
I dette alternativet kan du påverka Funksjonstype ved å bruka p
-parameteren. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.
I dette alternativet kan du påverka Funksjonstype ved å bruka k
-parameteren. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.
Set den lågaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.
Set den høgaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.
Klikkar du på denne knappen, kjem det opp eit vindauge som viser funksjonsgrafen for dei aktuelle kulørinnstillingane.
I denne fana finn du ein del kontrollelement som styrer korleis metningsdelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.
Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fana Kulør. Sjå ovanfor.
I denne fana finn du ein del kontrollelement som styrer korleis verdidelen (lysstyrke) av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.
Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fana Kulør. Sjå ovanfor.
Innstillingane i denne fana gjeld for alle tre HSV-kanalane.
I denne fana finn du ein del innstillingar som gjeld biletvisinga og startverdiar for slumpgeneratoren.
I denne fana kan du finna fleire innstillingar for kopiering og innlasting.
Her kan du kopiere innstillingane frå ein kanal (kulør, metning og verdi) til ein annan kanal.
Når du trykker knappen
, kan du hente inn tidlegare lagra innstillingar. Dersom du ikkje ønskjer å laste ned alle innstillingane, kan du spesifisera ein kjelde- og ein målkanal her.