12.9. Prosedyrelesaren

Prosedyrelesaren viser dei prosedyrane som finst i prosedyredatabasen PDB. Desse prosedyrane er funksjonar som vert kalla opp av skript eller programtillegg.

12.9.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne undermenyen på hovudmenyen via HjelpProsedyrelesar.

12.9.2. Beskriving av dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figur 16.242. Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figuren ovanfor viser dialogvindauget for prosedyrelesaren. Dersom du klikkar på eit prosedyrenamn i lista til venstre, vil det til høgre i biletet dukka opp litt informasjon (på engelsk) om programmet. Du kan også søkja etter ein prosedyre ved å skriva namnet, eller delar av det, i tekstruta Søk:

etter namn

Viser ei liste over prosedyrar der delar av det innskrivne ordet i finst i kodenamna.

etter beskriving

Viser ei liste over prosedyrar som inneheld teksten du skreiv inn.

etter hjelp

Viser ei liste over prosedyrar som har det innskrivne ordet i ein eventuell tilleggsinformasjon.

etter utviklarar

Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på programmeraren.

etter opphavsrett

Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på den som har opphavsrett.

etter dato

Viser ei liste over prosedyrar som har dato som inneheld det innskrivne årstalet.

[Notat] Notat

Denne spørjinga brukar tekst og ikkje datoverdiar. Du kan såleis ikkje finne nokre av prosedyreinnslaga sjølv om datoen inneheld året du skreiv inn. For eksempel vil årstal skrive som «2000-2005» ikkje finna prosedyrar datert i 2001, men berre dei som er daterte i 2000 og 2005.

etter type

Viser ei liste med prosedyrar som er av ein av fire typar: «Intern GIMP-prosedyre», «Programtillegg for GIMP», «GIMP-utvidingar» eller «Temporære prosedyrar».