9.6. Utvid

9.6.1. Oversyn

Figur 17.179. Utvid

Utvid

Originalbiletet

Utvid

Eksempel på bruk av filteret «Utvid»


Dette filteret utvidar og forsterkar lyse område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

Kvar piksel i biletet blir sett til den høgaste verdien av dei 8 nabopikslane (i ei 3 × 3 matrise). Dette betyr at det blir lagt til lyse pikslar rundt lyse område. Ein isolert lys piksel på ein lysare bakgrunn vil forsvinne heilt, medan eit større, lyst område vil bli utvida med ein piksel i alle retningar.

På komplekse bilete vil lyse område bli utvida og forsterka og svakt «pikselert».

Filteret kan generere støy på ein einsfarga bakgrunn:

Figur 17.180. «Dilate» example

«Dilate» example


9.6.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterGenereltUtvid

9.6.3. Eksempel

Figur 17.181. Utvida neoneffekt

Utvida neoneffekt