4.15. Forvreng

Figur 16.38. Eksempel på bruk av «Forvreng» på eit utval

Eksempel på bruk av «Forvreng» på eit utval

Eit bilete med eit utval

Eksempel på bruk av «Forvreng» på eit utval

Utvalet er forvrengt (normalverdiane)


Kommandoen «Forvreng» gjer omrisset av utvalet meir eller mindre ujamnt.

4.15.1. Aktivering

You can access this command from the main menu through SelectDistort….

4.15.2. Beskriving av dialogvindauget «Forvreng»

Figur 16.39. Dialogvindauget for «Forvreng»

Dialogvindauget for «Forvreng»

Ved hjelp av denne kommandoen kan du bestemme kor stor forvrenginga skal verta. Det er uråd å vite korleis resultatet vert, så her er det berre å prøva seg fram.

Terskel

Ein høg grenseverdi vil gjere det forvrengte området mindre, medan ein lågare grenseverdi vil gjere utvalet større.

Dersom det gjeldande utvalet har ei regelrett form, dvs. er eit rektangel- eller ellipseutval, vil dette valet bestemme om det nye omrisset er mest på innsida eller mest på utsida av det opphavlege utvalet.

Spreiing

Ei høg spreiing vil auke forvrenginga.

Korning

Ei høg korning vil gjere forvrenginga større.

Utglatting

Ei høg utglatting vil gjere forvrenginga mindre.

Dersom Glatt ut horisontalt og Glatt ut vertikalt vert deaktiverte, vil dette auke forvrenginga.