2.3. Dialogar og tavler

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1938 $ 2006-09-04 KoSt

2.3.1. Festeområdet

Frå og med GIMP 2.0 og 2.2 har du stor fridom til å setje opp eigne dialogvindauge. I staden for å leggje kvar dialog i eit eige vindauge, kan du gruppera dei ved å lime dei inn på ei eiga tavle i eit dialogvindauge. Ei “tavle” er eit vindauge som kan innehalde fleire ulike dialogar, som t.d. dialogen for verktøyalternativ, penseldialogen osv. Ei tavle kan likevel ikkje innehalde biletvindauge. Kvart bilete har alltid sitt eige vindauge. Tavla kan heller ikkje innehalde dialogar som gjeld globalt for heile GIMP, som for eksempel innstillingar eller dialogvindauget for Nytt bilete.

Figur 3.4. Dei to festeområda er markerte med kvitt

Dei to festeområda er markerte med kvitt

Kvar tavle har eit sett med festeområde, slik som dei to som er markerte med kvitt på biletet over. Til vanleg er desse områda vanskelege å oppdaga. Folk flest legg ikkje merke til dei før andre gjer dei merksame på at dei grå strekane er noe meir enn pynt.

2.3.2. Festehandtak

Kvar dialog som kan limast opp på ei tavle har eit handtaksområde. Dette er markert med kvitt på figuren. Dette området er normalt usynleg, men du finn det ved at musemarkøren skifter til ei hand når du treff området. Når du skal lime opp ein dialog, klikkar du i handtaksområdet til dialogen og drar dialogen til festeområdet der du ønskjer å lime inn dialogen.

Figur 3.5. Området for handtaket er markert med kvitt

Området for handtaket er markert med kvitt

Biletet viser området der du kan få tak i dialogen for å flytta han.


Legg du fleire dialogar i same tavleområdet, vil dei skifte til faner representert med ikonar. Når du klikkar på ei fane, vil aktuell dialog dukke opp slik at du kan bruke han.

2.3.3. Biletmenyen

Somme tavler har også ein biletmeny. Dette er ei nedtrekksliste med alle bileta som for tida er opne i GIMP. Du kan bruke denne menyen for å velje kva for bilete du vil arbeide med. Dersom Auto-knappen er aktivisert, vil menyen vise namnet på det biletet du for tida arbeider med.

Figur 3.6. Biletmenyen er markert med kvitt

Biletmenyen er markert med kvitt

Noen tavletypar viser til vanleg biletmenyen når dei blir opna, slik som “Lag, kanalar, baner” gjer det. Andre gjer det normalt ikkje. Du kan likevel alltid fjerne eller legge til biletmenyen på ei tavle etter behov med “Vis biletmenyen”-knappen i Fane-menyen omtalt nedanfor. (Unnatak: Du kan ikkje legge til ein biletmeny på den tavla som inneheld Verktøyskrinet).

2.3.4. Fanemenyen

Figur 3.7. Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

I kvar dialog har du tilgang til ein spesialmeny med fanerelaterte operasjonar ved å klikke på fanemenyknappen. Nøyaktig kva for kommandoar som dukkar opp, vil variera frå dialog til dialog, men han vil alltid innehalde operasjonar for å lage nye faner, eller for å lukke eller deaktivere dei.

Figur 3.8. Fanemenyen for lagdialogen

Fanemenyen for lagdialogen

Ein fanemeny gir deg tilgang til følgjande komandoar:

Innhaldsmeny

Øvst på kvar fanemeny finn du innhaldsmenyen. Denne menyen viser operasjonar relaterte til den spesifikke fanemenyen dette gjeld. For eksempel vil innhaldsmenyen for mønsterdialogen innehalde eit sett av operasjonar for å arbeide med mønster.

Legg til fane

Her kjem du inn i undermenyen for å legge inn alle dei tilgjengelege dialogane som faner.

Lukk fane

Som namnet seier, denne vil lukke fanen. Dersom dette er den siste dialogen på tavla, vil også tavla bli lukka. Effekten er den same som å klikke på knappen “Lukk fane”. (Knappen merka “x” ved sida av knappen for fanemenyen).

Løys fane

Denne kommandoen løyser fana frå tavla og legg ho som einaste fane i eit nytt dialogvindauge. Du kan gjere det same ved å dra fana ut av tavla og sleppe ho på ein tilfeldig plass på skjermen.

Storleik på førehandsvisinga

Figur 3.9. Storleik på førehandsvisinga

Storleik på førehandsvisinga

Ein del av dialogane har ein fanemeny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga. Normalverdien er Middels. For eksempel viser penselmenyen eit bilete av alle tilgjengelege penslar, og ein meny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga.

Fanestil

Figur 3.10. Undermenyen for fanestil

Undermenyen for fanestil

Denne undermenyen kan dukka opp dersom det er fleire dialogar i same tavleområdet. Du kan her bestemme fire vilkår som bestemmer utsjånaden til fanemenyen han gjeld for. Ikkje alle vala er tilgjengelege for alle dialogane.

Ikon

Vis eit ikon som representerer dialogtypen.

Status nå

Dette valet er bare tilgjengeleg i dialogar der du kan velje eit eller anna, som til dømes pensel, mønsterelement eller fargeovergang. Det viser ei fane som syner kva for eining som er vald.

Tekst

Viser dialogtypen som tekst.

Ikon og tekst

Gir breiare faner med både ikon og tekst som viser dialogtypen.

Status og tekst

Dersom den er tilgjengeleg, blir både den valde eininga og den valde dialogtypen vist.

Vis som liste/tabell

Desse vala blir vist i menyboksar der du har høve til å velje einingar frå eit sett, slik som penslar, mønster, bokstavtypar osv. Du kan her velje å vise einingane som ei liste med namn og andre opplysingar for kvar eining, eller som ein tabell sett opp i eit rutemønster med ikon for kvar eining, men utan namn. Kvar av måtane har sine fordeler. Listeforma gir deg mest informasjon, medan tabellforma kan vise fleire einingar samstundes. Dei fleste dialogane blir i normaloppsettet viste på listeform, men for eksempel dialogane for penslar og mønster vil normalt bli viste på tabellform.

Vis vald bilete

Dersom dette valet er avkryssa, vil ein biletmeny bli vist øvst i dialogvindauget. Dette valet er ikkje tilgjengeleg for dialogar feste til verktøyskrinet.

Følj aktivt bilete

Dersom denne er avkryssa, vil biletmenyen øvst i dialogvindauge vise kva for bilete som er aktivt. Innhaldet i dialogvindauget vil også følgje det biletet du til ei kvar tid arbeider med. For å kunne bruke dette valet, må også “Vis vald bilete” vere avkryssa.