5. Fargeverktøya

5.1. Fargebalanseverktøyet

Verktøyet for fargebalanse blir brukt for å modifisera fargebalansen i eit lag eller ei markering. Det er særleg nyttig for å korrigera fargestikk i digitalfoto.

5.1.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyFargebalanse

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.1.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.65. Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Vel område som skal endrast

Du bestemmer her om forandringane du stiller inn med glidebrytarane skal gjelde for skuggepartia, midttoneområda eller i partia med høglys.

Endre fargenivået for vald området

Du endrar fargane ved hjelp av glidebrytarane og skriveboksane. Fargane i kvar ende av glidebrytarane er komplimentærfargane til kvarandre og brytarane vekslar fargane i biletet mellom desse to komplimentærfargane. Når det ikkje er kryssa av for “bevar lysverdi”, vil fargane på høgre sida av brytarane vere etter fargemodellen CMY, medan dei på venstre sida er etter fargemodellen RGB.

Nullstill fargane

Stiller fargenivåa i det valde området tilbake til utgangspunktet.

Bevar lysverdi

Dersom denne er avmerka, vil lysverdien (“lysstyrken”) i laget eller markeringa bli uendra.

Førehandsvis

Dersom denne er avmerka, vil alle endringar i RGB-nivåa også bli vist direkte på det aktive laget eller den aktive markeringa.