13.6. Diffraksjonsmønster

13.6.1. Oversyn

Figur 15.247. To eksempel på bruk av filteret

To eksempel på bruk av filteret
To eksempel på bruk av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterDiffraksjon

Dette filteret blir brukt til å lage ulike former for teksturar som kan likne dei som oppstår ved såkalla diffraksjon, dvs. avbøyingar av lysstrålar. Du kan endre frekvens, kontur og skarpe kantar for kvar av RGB-kanalane. Dessutan kan du bestemme lysstyrke, spreiing og polarisasjon for teksturen. Unntatt når du opnar filteret, er det ikkje automatisk førehandsvising, så du må trykke knappen Førehandsvis når du ønskjer å sjå resultatet av innstillingane dine. Dette er gjort slik fordi filteret bruker lang tid på utrekningane.

Filteret kan vere nyttig når du ønskjer å lage intrikate mønster. Det er perfekt for å lage psykedeliske, batikkliknande mønster eller for å imitere mønster i glassmaleri t.d. i kyrkjevindauge.

Det ser ut til at filteret simulerer fenomenet som oppstår når lys blir brote ved å treffa, eller passera, ein skarp kant. Diverre er dette filteret så dårleg dokumentert av utviklaren at det er uråd å gi nærare forklaringar på dei ulike innstillingane. Du må rett og slett prøve deg fram. Heldigvis er filteret så allsidig at omtrent uansett kva innstillingar du bruker vil resultatet bli interessant.

13.6.2. Innstillingane for filteret “Diffraksjon

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet når du trykker knappenetter Førehandsvis. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Fanen “Frekvensar

Her stiller du inn relative frekvensar frå 0 til 20 for dei tre RGB-kanalane.

Figur 15.248. Innstillingane for Fanen “Frekvensar

Innstillingane for Fanen Frekvensar

Raud, Grøn, Blå

Desse glidebrytarane blir brukte for å setje den relative frakvensen frå 0,0 til 20,0 for desse tre fargekanalane.

Innstillingane for Fanen “Kontur

Her stiller du inn relative konturar frå 0 til 20 for dei tre RGB-kanalane.

Figur 15.249. Innstillingane for Fanen “Kontur

Innstillingane for Fanen Kontur

Raud, Grøn, Blå

Her stiller du inn konturane (frå 0 til 20) for kvar av dei tre RGB-kanalane.

Innstillingane for Fanen “Skarpe kantar

Her stiller du inn skarpe kantar (frå 0 til 20) for dei tre RGB-kanalane.

Figur 15.250. Innstillingane for Fanen “Skarpe kantar

Innstillingane for Fanen Skarpe kantar

Raud, Grøn, Blå

Her stiller du inn skarpe kantar (frå 0 til 20) for kvar av dei tre RGB-kanalane.

Innstillingane for Fanen “Andre

Her finn du ein del innstillingar som gjeld alle kanalane.

Figur 15.251. Innstillingane for Fanen “Andre

Innstillingane for Fanen Andre

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren skal du kunne bestemme lysstyrken på det ferdige mønsteret.

Spreiing

Med denne glidebrytaren skal du kunne bestemme spreiinga på det ferdige mønsteret.

Polarisasjon

Med denne glidebrytaren skal du kunne bestemme polariseringa for lyset.