Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Figur 15.73. Eksempel på bruk av kantfilteret
Originalbilete
Etter bruk av filteret (Algoritme: Sobel)
Figur 15.74. Eksempel på bruk av kantfilteret
Etter bruk av filteret (Algoritme: Prewitt)
Etter bruk av filteret (Algoritme: Gradient)
Figur 15.75. Eksempel på bruk av kantfilteret
Etter bruk av filteret (Algoritme: Roberts)
Etter bruk av filteret (Algoritme: Differensiell)
Kantfilteret bruker ulike algoritmer (matematiske likningar) for å finne konturane. Du finn litt forklaringar på desse i neste avsnitt. (Litt lite forklaring førebels, blir vonleg utvida seinare).
Filteret Kantar bruker fleire valfrie metodar for å oppdage kantar i biletet:
Sobel: Denne algoritmen har ingen spesielle innstillingar.
Prewitt: Resultatet er svært likt det du får med bruk av Sobel.
Gradient: Kantane er smalare, med mindre kontrast og meir sløra enn ved bruk av Sobel.
Roberts: Ingen synleg skilnad frå Sobel.
Differential: Ikkje fullt så lyse kantar som med Sobel.
Laplace: Denne algoritmen har ingen spesielle innstillingar.
Mengde: Denne glidebrytaren har ei skala frå 1 til 10. Eit lågt tal resulterer i eit svart bilete med høg kontrast og tynne strekar. Ein høg verdi resulterer i breie kantar med låg kontrast og mange fargar i mørke område.
Linjebryting, Smøre, Svart: Desse vala er meint å styre korleis biletkantane skal sjå ut, men eg har ikkje fått dette til å verke.