13.4. Flamme

13.4.1. Oversyn

Figur 15.235. To eksempel på bruk av filteret

To eksempel på bruk av filteret
To eksempel på bruk av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterNaturFlamme

Dette filteret laget merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal. Fordelen er at dette filteret er enklare å bruke. Du kan styre slumpgeneratoren og velje mellom fleire ulike tema.

[Advarsel] Advarsel

Diverre har dette filteret ein feil som gjer at det ikkje greier å arbeide med store bilete. Ein rask test viser at filteret arbeider heilt fint på eit 1024 × 768 piksel bilete, men greier ikkje eit bilete på 2 500 × 2 500 pikslar. Det har til nå ikkje vore råd å få utviklaren i tale for å rette feilen.

[Notat] Notat

Filteret blei gitt til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finne beskrivinga hans av filteret på Internett på [PLUGIN-FLAMES].

13.4.2. Innstillingar

Figur 15.236. Innstillingane for filteret “Flamme

Innstillingane for filteret Flamme

Rediger

Figur 15.237. Dialogen for flammeredigering

Dialogen for flammeredigering

Når du trykker på knappen Rediger i hovudmenyen, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan redigere kva flammetype du vil ha i biletet ditt.

Retningar

Den øvste delen av dialogen “Rediger flamme” inneheld ni utgåver av flammemønsteret. Biletet i midten viser det aktive mønsteret. Dersom du klikkar på eit av dei andre bileta, vil dette bli gjort til det aktive mønsteret og blir flytt inn i midten. Du kan også klikka på midtbiletet for å generere nye mønster.

Kontrollar
Fart

Glidebrytaren bestemmer kor store forandringane skal bli i høve til det aktive mønsteret. Høge tal gir store forandringar. Forandringane blir viste i dialogvindauget.

Variasjon

Her finn du ein nedtrekksmeny med fleire ulike tema som etterliknar ulike optiske verknadane.

Slump

Kvar gong du klikkar på denne knappen, blir det generert eit nytt mønstersett.

Opna

Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagra den aktive innstillinga for dette filteret.

Fanen “Teikning

I denne fanen finn du ulike innstillingar som påverkar utsjånaden til mønsteret.

Figur 15.238. Innstillingane for fanen “Teikning

Innstillingane for fanen Teikning

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.

Gamma

Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.

Punkttettleik

Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. (Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga). Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan låg oppløysing minner meir om maling med sprayboks.

Overteikning i rommet

Ser ut til at dette har noe med detaljutrekningane å gjere. Noen forslag?

Radius for romfilteret

Ser ut til at stor radius gir eit utvida bilete med får detaljar, medan ein liten radius gir smalare strek med klare detaljar. Har du lyst til å utdjupe beskrivinga?

Fargekart

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:

  • Den fargeovergangen som er aktiv i verktøyskrinet.

  • Ein del ferdigdefinerte fargekart.

  • Fargane frå eit bilete som var opna då filteret blei aktivert.

Fanen “Kamera

I denne fanen kan du bestemma plasseringa av flammemønsteret i biletet.

Figur 15.239. Innstillingane i fanen “Kamera

Innstillingane i fanen Kamera

Zoom

Denne glidebrytaren blir brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.

X, Y

Blir brukte for å flytte flammemønsteret rundt i biletet ved å setje x- og y-koordinata for mønsteret.