13.14. Fraktalutforskaren

13.14.1. Oversyn

Figur 15.275. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av “Fraktalutforskaren


Dette filteret blir brukt for å lage fraktalar og fleirfarga bilete på grensa til kaos. I motsetnad til filteretIFS-fraktal, som kan redigere fraktalane nøyaktig, er dette filteret enklare i bruk. Fraktalar er geometriske figurar som blir laga ut frå kompliserte matematiske likningar. Resultatet kan minna om krystalliseringsmønster eller levande planter.

13.14.2. Å aktivere filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterNaturFraktalutforskaren

13.14.3. Innstillingar

Figur 15.276. Innstillingane for filteret “Fraktalutforskaren

Innstillingane for filteret Fraktalutforskaren

Området for førehandsvising

Dersom datamaskinen din arbeider svært sakte, kan du avmarkere Førehandsvising i sanntid og i staden trykke Teikna på nytt når du ønskjer å sjå resultatet.

Ved å klikke og dra på førehandsvisinga, kan du lage eit rektangel som avgrensar det området som zoom-knappane verkar på.

Zoom

Desse knappane blir brukte for å forstørre eller forminske utsnittet i førehandsvisinga. Trykk på knappen Angra for å angra zoominga, eller på knappen Gjer om for å angra angringa.

Fanen “Parametrar

Denne fanen inneheld ein del innstillingar som blir brukte i utrekninga av fraktalen, og kva fraktaltype som skal brukast.

Fraktalparametra

Dei ulike parametra for spreiing, repetisjon og aspekt blir sette ved hjelp av glidebrytarar.

XMIN; XMAX; YMIN; YMAX

Her bestemmer du MINimum og MAXimum spreiing på fraktalen horisontalt (X) og vertikalt (Y). Verdiane går frå -3,0 til 3,0.

ITER

Her bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1 000,0 iterasjonen, dvs. kor langt utrekningane skal gå. Høge tal gir i prinsippet ein detaljert fraktal, men kan ofte føre til ubrukelege resultat.

CX; CY

Desse to glidebrytarane blir brukte for å bestemma aspektet (utbreiinga) for fraktalen horisontalt (X) og vertikalt (Y). Desse parametra verkar ikkje på fraktalar av typen Mandelbrot og Sierpinkski.

Opna, Nullstill og Lagra

Desse knappane blir brukte på vanleg måte for å lagra fraktalen med alle innstillingane eller hente fram ein tidlegare lagra fraktal. Knappen Nullstill vil setje alle parametra tilbake til utgangsstillinga.

Fraktaltype

Du kan velje kva for metode som skal brukast for å rekne ut fraktalen, for eksempel Mandelbrot, Julia, Barnsley eller Sierpinski.

Fanen “Fargar

Figur 15.277. Innstillingane for fanen “Fargar

Innstillingane for fanen Fargar

I denne fanen finn du innstillingane som bestemmer fargane i fraktalen.

Talet på fargar

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemme kor mange fargar fraktalen skal innehalde, frå 2 til 8192. Nedst i vindauget kan du sjå den valde paletten. Fargane i fraktalen blir bare bestemt i denne fanen, og er uavhengige av fargane i originalbiletet. Du kan gjerne bruke eit kvitt bilete som utgangspunkt.

Bruk loglog-utglatting

Dersom det blir uønskte striper i fraktalen, kan du fjerne desse ved å aktivere denne kontrollen som lager mjukare fargeovergangar.

Figur 15.278. Eksempel på loglog-utglatting

Eksempel på loglog-utglatting

Fargedekning

Med desse glidebrytarane kan du på ein skala frå 0,0 til 1,0 bestemme fargemengda for kvar av kanalane Raud, Grøn og Blå.

Fargefunksjon

Du kan her bestemma korleis fargane for kvar av fargekanalane Raud, Grøn og Blå skal behandlast. Vala er:

  • Sinus: Fargane blir modulerte etter ein sinusfunksjon.

  • Kosinus: Fargane blir modulerte etter ein kosinusfunksjon.

  • Ingen: Fargedekninga vil endra seg lineært i høve til funksjonsverdiane som blir rekna ut.

  • Inversjon: Gjer at funksjonsverdiane blir inverterte.

Fargemodus

Her bestemmer du kvar fargeverdiane skal hentast frå.

  • Som spesifisert ovanfor: Fargeverdiane blir henta frå innstillingane Fargedekning ovanfor.

  • Bruk fargeovergang: Fargane blir henta frå den aktive fargeovergangen. Du kan aktivisere ein ny overgang ved å klikke i ruta som viser fargeovergangen.

Fanen “Fraktalar

Figur 15.279. Innstillingane for fanen “Fraktalar

Innstillingane for fanen Fraktalar

I denne fanen finn du ei lang liste over ferdigdefinerte fraktalar. Du kan bruke desse som dei er, eller du kan gjere dine eigne forandringar. Vel ønskt fraktal ved å klikka på han.

Dersom du har lagra dine eigne fraktalar, kan du trykke knappen Oppfrisk for å oppdatere lista utan å starte GIMP på nytt. Har du behov for å fjerne ein fraktal frå lista, trykker du på knappen Slett medan frktalen er aktiv.