13.2. Plasma

13.2.1. Oversyn

Figur 15.231. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Plasma


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterSkyerPlasma

Dette filteret lager fargerike skyer som kan brukast som tekstur eller bakgrunn. Den einaste kontrollen i filteret, utanom knappen for nytt forsøk, er ein glidebrytar som styrer turbolensen i figuren.

Alle fargane som blir genererte med dette filteret er fullstendig metta. Dersom dei sterke fargane er distraherande, kan du bruke funksjonen LagFargarMindre metning for kanskje å få ein meir interessant bakgrunn.

[Notat] Notat

Plasma2 er ei meir avansert utgåve av dette filteret, med fleire innstillingar. Filteret er tilgjengeleg frå [PLUGIN-PLASMA2].

13.2.2. Innstillingar

Figur 15.232. Innstillingane for filteret “Plasma

Innstillingane for filteret Plasma

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Tilfeldig frø

Til vanleg trykker du bare på knappen Nytt frø for å lage eit nytt mønster. Skulle du ha behov for å generere det same mønsteret fleire gonger, skriv du det same talet i ruta for Tilfeldig frø og trykker Enter.

Turbulens

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor komplekse skyene skal verre. Eit høgt tal gir harde skyer noe liknande oljemaling, medan eit lågt tal gir mjukare skyer som kan minne om røyk eller damp.